Gjer som Ida Marie, sykle til jobben!

Gjer som Ida Marie, sykle til jobben!

I dag startar sykle til jobben-kampanjen opp. Alle som bur og jobbar i Volda kan vere med gratis. Volda kommune har betalt for deg.

Ida Marie Dimmen på sykkeltur - Klikk for stort bileteIda Marie syklar til jobben kvar dag. Her er ho på sykkeltur til Kalsethola. Her finn du også ein StikkUT!-post. Sølvi Dimmen

Du MÅ ikkje sykle

Uansett om du syklar, går, tek ein joggetur, spelar padel eller anna tel det som aktivitet. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar.

Sykling til jobben motiverer til ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og kvardag. All aktivitet til og frå jobb og på fritida gir poeng. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast i appen Bedriftsidretten. Gjennom kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheiter til å vinne premiar.

 

Volda kommune ønsker å motivere deg til å verte meir aktiv, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.

Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no

 

GDPR og personvern

Du kan lese meir om GDPR og presonvern på Bedriftsidretten.no. Hugs å slette informasjonen du har lagt inn når kampanjen er ferdig om du ikkje vil ha det lagra der. Du kan også be om at Bedriftsidretten gjer det for deg.