Volda kommune utvald til nasjonalt kurs i cybersikkerheit

Volda kommune utvald til nasjonalt kurs i cybersikkerheit

Volda kommune har blitt valgt ut som ein av ti kommunar i Noreg til å delta i eit nasjonalt kurs i cybersikkerheit gjennom Markedsplassen for skytenester.

Rune Sjurgard, Sonja Håvik, Inger-Johanne Johnsen g Paul Otta Tornes står oppstilt utanfor rådhuset - Klikk for stort bileteF.v.: Rune Sjurgard, Sonja Håvik, Inger-Johanne Johnsen og Paul Ottar Tornes Sunniva Utnes Kvangarsnes

 

Dette kurset er ein del av ein prøveordning som fokuserer på å byggje sterkare sikkerheitskulturar i offentlege sektorar gjennom e-lærings-leksjonar, som blir sendt ut til dei tilsette.

Kommunedirektøren seier at dette stadfestar kvaliteten på arbeidet vi har lagt ned i sikkerheit og personvern. Volda kommune sitt arbeid for å vidareutvikle ein sterk sikkerheitskultur blir ytterlegare forsterka gjennom dette nasjonale kurset i cybersikkerheit, der vi òg ser fram til å lære frå andre og bidra med våre eigne erfaringar til fellesskapet.

Målsettinga er at dei tilsette i kommunen får styrka sin kompetanse på cybersikkerheit og at dei tilsette bruker det dei lærer til å motstå motstå cybertrusler enda betre, seier Inger-Johanne Johnsen, som er sikkerheitsansvarleg i kommunen.

Som vinnar av prisen for årets personvernkommune i 2022 av IKA Møre og Romsdal, har Volda kommune dei siste åra lagt stor vekt på å gjere omfattande tiltak for å styrke informasjonssikkerheita og personvernet i kommunen, og dette er ei god moglegheit tilå vidareutvikle våre praksisar og betre personvernet for våre innbygjarar, seier personvernrådgjevar Sonja Håvik.

Digitaliseringsleiar Paul Ottar Tornes legg til at deltakinga gir ein unik moglegheit for både å motta og dele verdifull innsikt i praksis rundt cybersikkerheit med dei andre deltakarane.