Bestillingstransport til flyplassen vert avvikla 1. juni 2024

Bestillingstransport til flyplassen vert avvikla 1. juni 2024

Møre og Romsdal fylkeskommune melder at bestillingstransporten til flyplassen vert avvikla 1. juni i år. Siste dag med køyring vert 31. mai.

FRAM har hatt dette tilbodet sidan 27. september 2021. No vert tilbodet fjerna som eit ledd i innsparingstiltaka. 

FRAM skriv i eit brev til kommunen at dei dessverre må melde at all bestillingstransport i regi av FRAM vil bli avvikla. 

– Dette gjeld også tilbodet i dykkar kommunar, flyplasstransporten og ruta Ørsta-Sæbø. 

– Fylkestinget behandla i møte 23. april 2024 budsjettet for fylkeskommunen for 2024. Grunna fylkeskommunen sin økonomiske situasjon inneheldt budsjettforslaget ulike innsparingsforslag. Eit av forslaga var å kutte ut all bestillingstransport, då bestillingstransport ikkje er ei lovpålagt oppgåve, skriv Marit Holen, rådgjevar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Forslaget vart vedteke. Tilbodet vil bli stoppa frå 1. juni. (Siste dag med køyring 31. mai.) Vi takkar for godt samarbeid og ser oss lei for at vi ikkje får utvikla tilbodet vidare, står det i brevet

Bilde av eit fly som står på rullebana og passasjerar er på veg inn i flyet - Klikk for stort bilete Volda kommune

 

Informasjon om bestillingstransporten finn du på frammr.no/bestillingstransport.