Liten og ny i barnehagen

Liten og ny i barnehagen

Liten og ny i barnehagen er ein tilvenningsmodell som er utvikla for å sikre de yngste barnehageborna ein god overgang fra heim til barnehage. 

Logo der det står liten og ny i barnehagen - Klikk for stort bilete Liten og ny i barnehagen

Liten og ny i barnehagen er ein tilvenningsmodell som er utvikla for å sikre de yngste barnehageborna ein god overgang fra heim til barnehage. Modellen blei utvikla i eit samarbeidsprosjekt mellom Trondheim kommune og RKBU Midt-Norge frå 2018 til 2023.

I løpet av prosjektperioden blei femdagars foreldreaktiv tilvenning prøvd ut og evaluert gjennom følgeforskning i ein trinnvis modell. Foreldre og ansatte bidrog kvart år med tilbakemeldingar som la grunnlaget for neste års utprøving. På denne måten har data frå foreldre og ansatte i stor grad bidrege til utviklinga av Liten og ny i barnehagen, slik modellen no føreligg. Mellom anna blei fleire korte besøk i barnehagen, før sjølve oppstarten, tatt inn i modellen frå og med 2021 som følge av svært positive tilbakemeldingar.

Liten og ny modellen

-ein tilvenningsmodell i tre faser

Før oppstart

Forberedelse av dei ansatte, god informasjon til foreldre, besøk, foreldresamtale og foreldremøte.

Ved oppstart

Minst fem dagar med foreldreaktiv tilvenning.

Den første tida uten foreldre

God støtte i barnehagen og heime, korte dagar dersom det er mulig, jamnlige refleksjonar i ansattgruppa knytt til borna sin tilvenningsprosess.

Små barn treng tryggleik i form av nære relasjonar og forutsigbare rutiner. Det at barn og foreldre besøker barnehagen fleire gonger, at foreldra er saman med borna sine minst fem dager ved barnehagestart og at det vert teke omsyn til at den første tiden uten foreldre i barnehagen er krevende for små barn, er gode tiltak som hjelper små barn å finne seg til rette i barnehagen i løpet av tilvenningsperioden.

Faglig forankring

Liten og ny i barnehagen byggjer på teori om overganger og små barn si utvikling, og er forsknings- og erfaringsbasert kunnskap frå norske, svenske og danske barnehagar. Målet med modellen er å fremme ein tilvenningsprosess som er tilpasset behova til dei yngste borna, t.d. gjennom å gi barna tid til å bli kjende med barnehagen, de ansatte og andre barn medan foreldra er til stades og representerer tryggleik.

Video: Skal ettåringen din begynne i barnehagen?