Kranselag for Volda samfunnshus

Kranselag for Volda samfunnshus

Den 25. september 2024 vart det halde kranselag for ombygginga og renoveringa av Volda samfunnshus. 

Tradisjonelt markerer kranselag «tett tak», men sidan dette prosjektet handlar om innvendig arbeid, vart det heller markert som «ferdig med gips».

Ordførar Sølvi Dimmen, Hans Olav Hamsund, prosjektleiar totalentreprenør og Steinar Kilen, prosjektleiar Volda kommune. - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen, Hans Olav Hasund, prosjektleiar totalentreprenør og Steinar Kilen, prosjektleiar Volda kommune. Volda kommune

 

Samfunnshuset, som er eit viktig samlingspunkt i Volda, blir modernisert for å møte dagens behov, samstundes som historiske element blir tatt vare på. Ordførar Sølvi Dimmen takka alle som har bidratt til prosjektet, frå arkitektar, entreprenørar, leverandørar, handverkarar og kommuneadministrasjon.

 

Prosjektleiar Steinar Kilen framheva den gode samarbeidsånda i prosjektet. Alt har gått på skinner og ein ventar å kunne opne dørene for kinopublikummet før jul, – men då må alt gå etter planen. Vi er avhengige av at leveransar frå eksterne leverandørar som skal levere til dømes stolar og kinomateriell også kjem når det skal. 

Under kranselaget vart det servert kake, kaffi og brus, og dei som ville fekk omvising på huset. Det er stor optimisme knytt til ferdigstillinga, og huset vil få moderne fasilitetar. Ikkje minst ny kinosal med 89 plassar, med gode lenestolar heilt bak. Kinoområdet vil også kunne fungere for konferransar. Stolane har bord som ein kan vippe opp. Bak og under kinoamfiet blir det kafé og mingleområde.

Der scena var tidlegare blir det dansesal med spegelvegg på eine sida og den opphaveleg teglsteinsveggen på andre sida. 

– Her har vi også snakka om at rommet har ein flott akustikk og kan vere spanande å prøve som øvingslokale for kor, seier ordførar Sølvi Dimmen. 

Ungdomsklubben får flotte tilpassa lokale, der det er tilrettelagt for aktivitetar. Ungdomar har vore involvert heile vegen, heilt frå starten, og dei har hatt arbeidssamlingar saman med arkitektane.

Vi kan alle gle oss til at huset snart kan takast i bruk att som møteplass for både store og små.

 

Steinar Kilen takkar for arbeidet og det gode samarbeidet - Klikk for stort bileteDette vert festsalen. Volda kommune

 

Steinar Kilen, prosjektleiar for renovering av Volda samfunnshu inviterer til kake og kaffi i høve kranselag - Klikk for stort bileteSteinar Kilen, prosjektleiar for renovering av Volda samfunnshus, takkar for arbeidet og det gode samarbeidet. Volda kommune

 

Steinar Kilen  og  kommunedirektør Rune Sjurgard ser på fargane.  - Klikk for stort bileteSteinar Kilen og kommunedirektør Rune Sjurgard ser på fargane. Volda kommune

 

Små rom i ulike fargar. Skal bli toalettrom. - Klikk for stort bileteToalettromma er ferdige, men manglar inventaret. Volda kommune Kafé- og mingleområdet bak kinoamfiet. - Klikk for stort bileteKafé- og mingleområdet bak kinoamfiet. Volda kommune Kafé- og mingleområdet bak kinoamfiet. - Klikk for stort bileteBak kinoamfiet som svevar i lufta Volda kommune Rom med takvindu, ein kvit vegg og ein i raud teglstein. - Klikk for stort bileteHer er det som tidlegare var scene. Det er sett opp vegg som det skal kome spegel på. Teglsteinsveggen skal vere slik. Dette skal vere dansesal. Rommet har ein flott akustikk og kan vere spanande å prøve som øvingslokale for kor. Volda kommune Marsipankake med teksten Volda kommune, Takk for innsatsen - Klikk for stort bilete Volda kommune