Om oss

Om oss

Bilde av Austefjord barnehage Volda kommune

Austefjord barnehage ligg i Fyrde sentrum i Austefjorden. 

Barnehagen held til i Fyrdsvegen 94, 6110 Austefjorden. (Tidlegare bygg for Austefjord skule)

Barnehagen har opent måndag til fredag kl. 07.30-16.30.

Barnehagen har idag plass til omkring 25 barn i alderen 0-6 år, og har to avdelingar Tyttebælyngen og Blåbærtua.

Vi har eit stort og mangfaldig uteomårde som byr til ulik typar leik. Alt frå sykkelbane, forballbinge, skogsområde med blåbærlyng, sandkassar og ulike leikeaparat. Vi har tilgong til gymsal og legg tilrette for fysisk aktivitet for alle barn kvar veke. 

Vi har eit nært samhald til bygda, og vi er ofte på ulike turar og besøk i nærområdet. 

Grønt Flagg sertifisering.

Barnehageråret 2024-2025 jobbar barnehagen med å verte Grønt Flagg sertifisert. Meir informasjon om denne prosessen finn de i Årsplanen til barnehagen.