Besøksheim

Besøksheim

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden.

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.

Kva er forskjellen på besøksheim og fritidskontakt?

 

Besøksheim:

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim.
Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide  med desse.
Slektningar kan også vere besøksheim.

Fritidskontakt:

Ei fritidskontakt er ein medarbeider som er løna av kommunen. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakta bidra til at menneske med behov for hjelp, støtte og kontakt får ei trygg og meiningsfull fritid.

Vil du vere besøksheim eller fritidskontakt?

Dersom nokon kan tenke seg slike oppdrag, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 70 05 87 00, adresse rådhuset, Stormyra 2, 6100 Volda.