Eigenberedskap

Eigenberedskap

Har du alt du treng for å klare deg ei veke i heimen? Her er nokre tips til kva DSB meiner du bør ha i ditt private lager.

Råd for eigenberedskap 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har råd om at kvar og ein av oss bør vere førebudde på å klare oss sjølve i minst éi veke ved ei krise. 

Kvifor treng vi eigenberedskap?

Når uvêr, naturkatastrofar, terror eller tekniske problem råkar, kan det bli vanskeleg å få tak i nødvendige varer og tenester, som straum, vatn og mat. Dersom mange av oss er i stand til å klare oss sjølve under slike hendingar, kan naudetatane og andre hjelpearbeidarar prioritere dei som verkeleg treng hjelp.

Dette betyr at eigenberedskap ikkje berre handlar om å ta vare på seg sjølv, men også om å bidra til den totale beredskapen i landet.

Klare oss i ei veke

DSB tilrår at alle som kan, førebur seg på å klare seg i minst éi veke ved kriser. Det vil seie å ha tilgjengeleg det ein treng for å dekke dei grunnleggjande behova for:

  • Mat og vatn
  • Varme og lys
  • Medisinar og hygiene
  • Informasjon

Ved å vere førebudd på slike situasjonar, kan du redusere sårbarheita til deg sjølv og dine næraste.

Bakgrunnen for desse råda

Råda er knytt til den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa, som følgje av auka uro og konfliktar. Samtidig fører klimaendringar til meir ekstremvêr, som også kan skape utfordringar i Noreg.

Førebu eigenberedskap

Eigenberedskap betyr å vere klar for situasjonar der straum eller vatn forsvinn over tid, eller der tilgangen til butikkar er avgrensa. Om du bur slik til at det er vanskeleg å sikre nok forsyningar, kan samarbeid med naboar eller familie vere ein god strategi. Å tenkje på felles eigenberedskap kan gjere deg og samfunnet rundt deg betre rusta til å handtere kriser.

Les meir om eigenberedskap på nettsidene til  sikkerhverdag.no eller dsb.no.

Sjekkliste for eigenberedskap:

- Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker (20 liter per person)
- Mat som held seg ved romtemperatur
- Grill, kokeapparat eller primus
- Varme klede, tepper, dyner og soveposar
- Tennstikker og stearinlys
- Ved om du har vedovn eller peis
- Gass- eller parafinomn som er tiltenkt for innandørs bruk kan vere eit alternativ til vedfyring
- Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming
- Lommelykter eller hovudlykter som fungerer på batteri, sveiv eller solceller
- DAB-radio som fungerer på batteri, sveiv eller solceller
- Medisinar og førstehjelpsutstyr
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande)
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir og menstruasjonsprodukt
- Batteri og lada batteribank
- Litt kontantar og fleire betalingskort
- Mat og vatn til kjæledyr
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar

Kjelde: Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap