Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib.
Publisert 22.09.2021 17:27
Sist endra 14.12.2021 09:11
Korleis verkar Filmbib?
- Logg inn med lånenummer og PIN-kode på www.filmbib.no.
- Hugsar du ikkje lånenummer og pin, kan du gå inn på heimesida til biblioteket og velje "Gløymd PIN" i påloggingsfeltet. Då får du tilsend informasjon på epost.
- Har du ikkje lånekort i det heile, kan du ta kontakt med biblioteket, eller gå til heimesida til Nasjonalbiblioteket https://nb.bib.no/ og ordne digitalt lånekort der.
- Filmbib er tilgjengeleg på mobile einingar med iOS og Android. Last gjerne ned appen Filmbib og strøyme rett til fjernsynet.
Kva filmar finn du i Filmbib?
Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men også fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både born og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.
Meir om utval og vilkår finn du på www.filmbib.no.