Saman om ein god oppvekst i Volda
Alle barn skal ha det det bra heime, i barnehagen, på skulen og på fritida. I Volda kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Derfor arbeidar vi med Betre tverrfagleg innsats i Volda, for å sikre at alle barn, unge og familiar skal få den hjelpa dei treng.