Kva gjer eg? BTI-Handlingsrettleiar

Kva gjer eg? BTI-Handlingsrettleiar

Nivå 0

OPPDAGE OG UTFORSKE
Definer uroa for eit barn. Del uroa med ein kollega eller næraste leiar, før du eventuelt delar uroa med vedkomande.
1. Definer uroa for eit barn

Når du er bekymra for eit barn, må du definere uroa før du tek saka vidare. Dette er ikkje alltid like lett, for signala som har gjort deg uroa kan vere både vage, diffuse og vanskelege å tyde.

Under finn du fleire BTI-verktøy som er til hjelp når du skal sirkle inn og definere uroa di.

Verktøy:

1. Teikn og signal på mogleg mistrivsel (PDF, 111 kB)

2. Relevante tenester for born og unge (PDF, 159 kB)

3. Observasjonsskjema (PDF, 85 kB)

2. Del uroa med kollega/leiar

Del uroa di og drøft med kollega og/eller næraste leiar ved første høve. Skal saka takast vidare, avgjer de kven som skal kontaktast, samt kven som er ansvarleg for oppfølging.

NB! Også på nivå 0 er det mogleg å søke råd og rettleiing hos andre instansar, utan at dei blir ein aktiv part i saka på dette nivået. Hugs då samtykke frå foreldre og barnet/ungdomme dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.

Verktøy:

1. Teikn og signal på manglande trivsel (PDF, 111 kB)

2. Observasjonsskjema (PDF, 85 kB)

3. Del uroa med føresette/barnet

Inviter og gjennomfør samtale snarast råd.

Dersom du ønskjer å øve deg på samtale er Snakke med barn eit nyttig verktøy.

Barn i barnehagen skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Gjeld dette ein elev sitt fysiske og psykiske skulemiljø, sjå også eigne rutinar.

Til deg som arbeider i vaksentenestene: Hvis du jobbar med ein vaksen som har barn, og du blir uroa/bekymra for barnet, skal du snakke med den vaksne om dette. Du skal oppfordre dei til å ta det opp med barnehage, skule eller hjelpeteneste. Alternativt får du samtykke til å kontakte hjelpeapparatet for dei. Er du i tvil kan du kontakte hjelpetenstene for å drøfte saka anonymt. Du skal alltid vurdere om dette er sak for barneverntenesta, jf. opplysningsplikt til barneverntenesta. Send evt bekymringsmelding til barneverntenesta, helst etter dialog og i samarbeid med føresette.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

Verktøy:

1. Observasjonsskjema (PDF, 85 kB)

2. Møtemal (PDF, 112 kB)

3. Samtaleførebuing: Snakke med barn

4. Vidare kartlegging

I samtalen blir det drøfta med foreldre og barnet/ungdommen om det er grunn til vidare oppfølging. Etter samtalen, vurder kva som trengs i det vidare arbeidet ut frå punkta under:

  1. Jobb vidare i nivå 0 for vidare kartlegging, samtalar og observasjonar. BTI-verktøya kan vere til god hjelp i dette arbeidet.
  2. Er det behov for å sette i gang tiltak, gå vidare til nivå 1 i rettleiaren.
  3. Er det behov for å hente inn ekstern hjelp utanfor kommuna, gå til nivå 2 i rettleiaren. Avgjer kven som er ansvarleg for vidare arbeid (stafetthaldar).
  4. Om det ikkje er nødvendig å setta inn tiltak, avslutt saka

Verktøy:

1.Samtykke Volda kommune (PDF, 125 kB)

5. Avslutt saka

Dersom det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging avsluttar de saka. Takk dei involverte for godt samarbeid. Minn føresette/barnet/ungdommen på at dei er velkomne til å be om hjelp dersom det skulle oppstå nye vanskar på eit seinare tidspunkt.

Verktøy
Verktøy
Samtykkeskjema

Nivå 1

VIDARE OPPFØLGING
Jobb saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Her vert det i utgangspunktet jobba innanfor eigen teneste.
1. Felles forståing og tiltak

Inviter og gjennomfør møte med foreldre og barnet/ungdommen saman med eiga teneste. Vurder om møtet med barnet/ungdommen og foreldre skal vere felles eller adskilt.

Definer problemstillinga og blir einige om konkrete mål og tiltak. Avtal tiltak i både heim og aktuell teneste. Dokumenter mål og tiltak.

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte.

NB! Barnekonvensjonen artikkel 3 og 12, grunnloven § 104 og forvaltningslova § 17 gjer alle barn ei rett til å bli høyrd i saker som vedkjem dei og at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggande omsyn

Verktøy:

1. Samtykke Volda kommune (PDF, 125 kB)

2. Relevante tenester for born og unge (PDF, 153 kB)

2. Gjennomfør tiltak

Avtalte tiltak blir satt i verk og gjennomført på aktuell arenaer.

Dokumenter kva som vert gjort i eige fagsystem eller i kommunen sitt arkivsystem.  

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

Verktøy:

1. Relevante tenester for born og unge (PDF, 153 kB)

3. Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte, der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring.

Verktøy:

1. Møtemal (PDF, 112 kB)

4. Vegen vidare

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er 4 moglege utfall av evalueringa:

1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg.
    – Avslutt loggen

2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram

3. De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan settast i verk andre tiltak innafor eiga teneste - gå tilbake til Nivå 1 - steg 3.

4. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats
– Bestem aktuelle kommunale samarbeidspartar og inviter dei til møte på nivå 2.

(Om saka vert løfta vidare opp på nivå 2, er det viktig å få samtykke frå foreldre eventuelt ungdommen til å involvere eksterne samarbeidspartar.)

NB! Barnet/ungdommen har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

Verktøy:

Nivå 2

SAMARBEID MED FLEIRE
Etabler tverrfagleg samarbeid mellom føresette/barnet, eiga verksemd og ei anna teneste for å løyse utfordringa.
1. Samarbeidsmøte

To eller fleire instansar koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsetningar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Gjennomfør samarbeidsmøte for føresette/barnet og tenester som skal bidra med tiltak på nivå to. Presenter saka. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar vidare. Fordel ansvar for møteleiing, referat og vidare innsats.

Når saka er presentert, er neste punkt på dagsorden å planlegge aktuelle tiltak. Dokumenter tiltaka som skal gjennomførast, - få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i samarbeidsmøtet avtaler de tidspunkt for evalueringsmøte.

Verktøy:

1. Samtykke Volda kommune (PDF, 125 kB)

2. Møtemal (PDF, 112 kB)

2. Planlegg tiltak

Når saka er presentert, er neste punkt på dagsorden å planlegge aktuelle tiltak. Dokumenter tiltaka, få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak.

Til slutt i samarbeidsmøtet avtaler de tidspunkt for evalueringsmøte.

Avtalte tiltak blir satt i verk og gjennomført på aktuelle arenaer. Dokumenter tiltaka.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet/ungdommen har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det, og at deira meiningar skal vektleggast. Dersom vedkomande ikkje skal delta på evalueringsmøtet, avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen for å få deira si oppleving av situasjonen.

3. Gjennomfør tiltak

Avtalte tiltak blir satt i verk og gjennomført på aktuelle arenaer. Dokumenter tiltaka.

Førebu evalueringsmøtet. Hugs at barnet/ungdommen har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det, og at deira meiningar skal vektleggast. Dersom vedkomande ikkje skal delta på evalueringsmøtet, avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen for å få deira si oppleving av situasjonen.

Verktøy:

1. Relevante tenester for born og unge (PDF, 153 kB)

4. Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Få med barnet/ungdommen si oppleving av endring. Vedkomande har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og deira meiningar skal vektleggast.

5. Vegen vidare

På basis av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er 4 moglege utfall av evalueringa:

  1. Tiltaka har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg - avslutta saka.
  2. Tiltaka har effekt, men de er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram.
  3. De ser at tiltaka ikkje har gitt ønska effekt, men vurderer at det kan settast i verk andre tiltak innafor involverte tenester. Gå til nivå 1 steg 2.
  4. Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. De ser behov for hjelp frå eksterne tenester og drøftar vidare innsats.
    - Bestem aktuelle samarbeidspartar
    - lag tilvising/melding til desse, og kall dei inn til møte på nivå 3.
    - Informer foreldre og barnet/ungdommen om retten til individuell plan, koordinator og ansvarsgruppe

(Om saka vert løfta vidare opp på nivå 3, er det viktig å få samtykke frå foreldre, eventuelt ungdommen til å involvere eksterne samarbeidspartar).

NB! Barnet/ungdommen har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og deira meiningar skal vektleggast.

Nivå 3

LANGVARIG KOORDINERT SAMARBEID
Jobb i tverrfagleg samarbeid mellom ulike kommunale tenester, føresette, barn/ungdom og tilviste tenester for å løyse utfordringa.
1. Møte med aktuelle instansar

Stafetthaldar og føresette/barn presenterer problemstillinga for tilvist teneste. Avgjer kven som skal vera stafetthaldar i det vidare arbeidet.

Stafetthaldar fordeler ansvar for møteleiing og referat. Avklar kven som kallar inn til nytt samarbeidsmøte.

Vurder om barnet har rett på individuell plan (IP), barnekoordinator eller alminneleg koordinator.

For informasjon og søknadsskjema om individuell plan og koordinator trykker du på lenka under:

Verktøy:

1. Samtykke Volda kommune (PDF, 125 kB)

2. Samtykke koordinerte tenester (PDF, 383 kB)

3. Møtemal (PDF, 112 kB)

2. Planlegg tiltak

Dei aktuelle instansane legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barn og dei involverte instansar.

Avtal tid og inviter til nytt møte for evaluering av tiltak

Verktøy:

1. Møtemal (PDF, 112 kB)

2. Relevante tenester for born og unge (PDF, 153 kB)

3. Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sette i verk og gjennomførte på aktuelle arenaer. Husk å dokumenter tiltaka.

4. Evalueringsmøte

Evaluer om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka.

Få med barnet si oppleving av endring. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

5. Vidare koordinert innsats

Gjennomfør evalueringsmøte med dei involverte instansane, føresette og eventuelt barnet/ungdommen.

Det finnes to moglege utfall:

  1. Tiltaka har hatt ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til å uroa seg
    - Avslutt saka.
  2. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønskt effekt
    - Sett i verk nye tiltak på nivå 1, 2 eller 3.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine  meiningar skal vektleggjast

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt: 

Meld saka direkte til barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).