Evaluering

Evaluering

Identifisering og oppfølging av barn og unge er eit område der målet heile vegen må vere å levere best moglege tenester ut frå ressursar, kompetanse og moglegheiter. Difor må vi kontinuerleg utvikle og evaluere, og eventuelt justere, dei tiltaka vi har sett i verk på alle tre nivåa.

Kommunalt nivå

 

Etatsnivå

 

Individnivå

I Volda kommune vil vi jobbe med jamleg evaluering av BTI-modellen som er utarbeida. Prosjektleiar har ansvar for oppdatering av nettportalen, og vil nytte eit årshjul for korleis og når dette arbeidet skal gjennomførast. Dei som brukar modellen har også moglegheit for å gi elektronisk tilbakemelding inne i modellen. Dette vil bidra til at vi jamleg kan tilpasse modellen brukarane sine behov.