Tenester til barn, unge og familier

Tenester til barn, unge og familier

Helseperonell måler høgda på eit barn. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune

Her vil de finne ei oversikt over nokre relevante tenester for barn, unge og familiar i Volda kommune.

Helsestasjon 0 - 5 år

Tenesta tilbyr helseundersøking, vaksinering, kartlegging, foreldrerådgjeving, oppfølging og nettverkssamarbeid.

Tenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeidar både med fysisk og psykisk helse og sosiale forhold. Ein får rettleiing og støtte i spørsmål om barnet si vekst og utvikling, tilknyting og samspel, kommunikasjon og trivsel. Tilbodet er lovpålagt for kommunen, men frivillig å nytta seg av. Tenesta har teieplikt, og samarbeid med andre instansar skjer etter samtykke frå foreldre

Kontaktinformasjon:

Volda helsestasjon: 700 58 820

Besøksadresse:

Stormyra 2, 6100 Volda

Tiltak knytt til tenesta:

COS-P

ICDP

Barnefysioterapeut

Barnefysioterapeuten jobbar førebyggande med spedbarnsgrupper, kartlegger motorisk funksjon og gir tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Barnefysioterapeuten har kompetanse til å vurdere funksjon og bidra til tiltak som kan styrke barn og unge si funksjonsevne og deltaking. 

Kontaktinformasjon:

Volda helsestasjon: 700 58 820

Besøksadresse:

Stormyra 2, 6100 Volda

Barnehage

Barnehagen skal, i samarbeid og forståing med heimen, ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.

Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å utjamne sosial ulikskap. Barna si fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at barna opplever trivsel, livsglede, meistring og kjensle av eigenverd, og førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever krenkingar eller mobbing, må barnehagen handtere, stoppe og følge opp dette.

I Volda kommune har vi 13 barnehagar og 1 open barnehage, du kan lese meir om desse her: Barnehagar i Volda

Tiltak knytt til tenesta:

COS-P

Koordinator for støttetiltak

Open barnehage

Koordinator for støttetiltak

Koordinator for støttetiltak er eit lågterskeltilbod for tidleg innsats i barnehagen.

Koordinator skal bistå barnehagane med rettleiing vedkomande tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet etter behova og føresetnadene til barna, slik at også barn som treng ekstra støtte skal oppleve inkludering og meistring. Koordinator skal også rettleie barnehagepersonalet i prosessen med å arbeide systematisk og målretta med systemanalyse og med å sette inn tiltak snarast råd når utfordingar vert avdekka. 

Koordinator skal også arbeide førebyggande på systemnivå gjennom å bistå barnehagane med kompetanseutvikling, som t.d. tiltak for å forbetre læringsmiljøet, COS-opplæring, bruk av systemanalysemodellen, kurs osv. Foreldre vil, i grupper på 8-10 foreldre, få tilbod om COS-kurs.

I tillegg til det er koordinator ansvarleg for nettverkssamling med spesialpedagogane i kommunen, og for å rettleie barnehagepersonalet som arbeider med barn som treng individuell støtte og tilrettelegging. Koordinator er ansvarleg for er COS-nettverk og oppfølging av nytilsette barnehagelærarar. 

For at koordinatoren for støttetiltak skal kome og observere/rettleie i forhold til tilrettelegging og tiltak som vedkjem enkeltborn, må barnehagen ha samtykke frå føresette. Munnleg samtykke er tilstrekkelig. Det er ikkje behov for samtykke ved observasjon på systemnivå, som t.d. læringsmiljø og dynamikk i barnegruppa.

Skule

Skulen arbeidar kontinuerleg for å fremje helse, trivsel og læring blant elevane.

Eleven sin identitet og sjølvbilete, meiningar og haldningar blir til i samspel med andre. Sosial læring skjer både i undervisninga og i alle andre aktivitetar i skolen sin regi. Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. I det daglege arbeidet heng derfor elevane si faglege og sosiale læring og utvikling saman. Skulen skal sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

I Volda kommune har vi 8 grunnskular, du kan lese meir om dei her.

Skulehelsetenesta
Kultur
Familie- og ungdomsrettleiar
Kommunepsykolog

Vi har ein kommunepsykolog i Volda kommune.

Kommunepsykologen sine primæroppgåver:

  • bidra til å styrke det helsefremjande og førebyggande arbeidet i kommunen
  • bidra med tverrfagleg samarbeid
Vaksenopplæring og integrering
Interkommunalt PPT

I løpet av oppveksten kan alle møte på ulike utfordringar som gjer det vanskeleg å lære eller få utbytte i læringsmiljøet sitt. Det kan vere lurt å ta kontakt med PPT når det er vanskar med språk, fag, emosjonar, konsentrasjon, relasjonar, åtferd og/eller  trivsel. Foreldre og barn over 15 år kan ta direkte kontakt ved behov. PPT er barnehagen og skulen sin naturlege samarbeidspart. PPT yter ofte rettleiing til barnehage og skule for at dei skal legge betre til rette for utvikling og læring i det ordinære læringsmiljøet. For å få til dette har vi dialog med born og foreldre i samarbeid med barnehage/skule. Andre instansar i kommunen kan bli involverte. 

Når utbytte av opplæringa ikkje er tilfredsstillande kan det vere behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Volda, Hareid, Ulstein og Ørsta har ei felles PP-teneste. Ulstein er vertskommune for tenesta.

Her kan du lese meir om PPT, korleis dei arbeidar med organisasjonsutvikling, kompetanseheving og sakkundig innsats. Her finn du skjema til bruk i barnehagar, skular og vidaregåande og kontaktinformasjon til tenesta.

Interkommunal barnevernteneste

Barnevernet skal sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa deira og utviklinga, får rett hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Hareid, Sande, Vanylven, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00

Her finn du fleire opplysningar om den interkommunale barneverntenesta

Koordinerande eining

Volda kommune har ei koordinerande eining for helse- og omsorgstenester. Her kan du få råd dersom du er usikker på kva tenestetilbod som passar deg. Eininga har også det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. Koordinatoren er kontaktperson for pasient og pårørande.

Klikk her for å lese meir om koordinerande eining og deira oppgåver. Her finn du også kontaktinformasjon.

Familievernkontoret

Familievernkontoret gir tilbod om rådgjeving og samtalar når det er vanskar, konflikter eller krise i familien. Kontoret utfører lovpålagt mekling for foreldre med felles born under 16 år ved samlivsbrot og samlivsvanskar mellom foreldra. 

Alle som treng å prate om vanskelege forhold kan søkje familierådgjeving ved familievernkontoret.

Familievernkontoret held til i Ålesund og dekker kommunane: Ålesund, Fjord, Giske, Sula, Stranda, Sykkylven, Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Familievernkontoret har kontordagar i Volda, med kontor i Furene.  

Ein treng ikkje henvising for å kome til familievernkontoret, og tilbodet er gratis.

Klikk her for kontaktinformasjon. 

NAV

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) er ein offentleg etat underlagt Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvar for organisering og finansiering av arbeidsmarknadstiltak, trygdeytingar og sosialhjelp.

NAV skal være spesielt oppmerksam på oppvekstvilkåra til barn og unge. Barnekonvensjonen er ein del av norsk lov, og skal sikre at avgjersler, også dei som gjeld vaksne, skal være til barnas beste. Barn har rett til ein tilstrekkeleg levestandard, og rett til å bli hørt. 

Volda har felles NAV kontor med Ørsta. 
Her finn du kontaktinformasjon og åpningstider. 

Krisesenter for Sunnmøre

Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnope tilbod for barn, kvinner og menn som er eller har vore utsett for vald i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Ålesund kommune, men er eit interkommunalt tilbod til innbyggarar i Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Fjord, Vanylven, Stranda og Sykkylven. Personar frå andre stadar i Norge kan også nytte deira tilbod. 

Krisesenteret kan tilby:

  • Butilbod
  • Dagtilbod
  • Advokatbistand

Avdeling for kvinner og barn
Døgnopen krisetelefon: 70 16 33 33 / 945 39 945
E-post: krisesenter-kvinner@alesund.kommune.no

Avdeling for menn og barn
Døgnopen krisetelefon: 90 70 74 33
E-post: krisesenter-menn@alesund.kommune.no

Felles nettstadSunnmøre krisesenter

Andre relevante tenester finn du her: Relevante tenester for born og unge (PDF, 153 kB)