Tiltak

Tiltak

Under finn du ulike tiltak som Volda kommune har.

Circle of security (COS)

Circle of Security (COS) Parenting er eit foreldreveiledningsprogram med ei målsetjing om å fremja trygg tilknytning mellom foreldre og barn.

COS-P kurs skal støtta foreldre, eller dei som jobbar med barn, til å forstå kvifor barn oppfører seg slik dei gjer, kva behov dei har og korleis dei kan møta behova på ein omsorgsfull og utviklingsstøttande måte. Den kjenslemessige og reflekterande delen av programmet er viktigare enn å læra foreldrene teknikkar på korleis dei taklar barn si åtferd. Cos legg vekt på at alle foreldre har sine kampar og ting ein strevar med. Det vert jobba med refleksjon om kva dette eigentleg handlar om, og på denne måten vert du som omsorgsgjevar gitt fleire val på korleis du ynskjer å løysa utfordringane.

I Volda er det helsestasjonen og barnehagen som tilbyr desse kursa. 

Videoen under, på engelsk, tek for seg grunnprinnsipa i COS:

International Child Development Programme (ICDP)

ICDP (International Child Development Program) er eit førebyggande og gruppebasert program retta mot foreldre med barn i alderen 0-18 år.

Føremålet med programmet er å førebygge psykososiale vanskar blant barn og unge gjennom å støtte og styrke foreldre og andre omsorgsgjevarar i deira omsorgsrolle. Gjennom programmet kan du møte andre foreldre i gruppe for å utveksle erfaringar om forholdet til barna. Målet med ICDP er at dei enkelte skal bli trygge foreldre ved å bli medvitne på kva dei gjer som er bra for barna. Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn. Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar.

Helsestasjonen har desse gruppene.

Fritidskonto

Fritidskonto skal bidra til at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar. Ordninga er støtta av Bufdir.

Fritidskonto er ei ordning, der du kan søkje om tilskot på ein enkel og ubyråkratisk måte. Tilskotet skal bidra til at alle barn og unge kan delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Dei som kan søkje om tilskotet er: - Laget/foreininga som idrettslaget, korpset, koret, lokallaget, kulturskolen og andre - Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre.

For meir informasjon, sjå her

Ung i Volda

Ung i Volda er ein kommunal fritidsklubb for ungdom frå åttande klasse og oppover. Ung i Volda held til på Volda Samfunnshus saman med Volda Filmteater.

BUA

BUA Volda held til i Volda samfunnshus og har til gratis utlån av sports-og fritidsutstyr. 

Lyst ut og nyte vinteren, man manglar utstyr? Kom og lån alt du treng, om du vil på ski eller i akebakken.

Sjekk ut kva vi har i www.bua.io, og/eller stikk innom og finn det du treng.  Alle som låner må ha ein låneprofil i BUA, denne oppretter du fort og greit her: bua.io/registrer

Opningstider og anna informasjon finn du her: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-volda