Tverrfagleg samhandling

Tverrfagleg samhandling

Barnehagebarn som står på rekke ute i fargerike regnklede og ser svært glade ut. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune

Mange barn og unge har behov for tiltak og tenester frå fleire instansar. Tverrfagleg samhandling er ei føresetnad for å kunne gi barn og unge rett hjelp til rett tid. Tverrfagleg samhandling er eit felles ansvar og alle tilsette som arbeidar med barn, unge og familiar skal samarbeide om å gje eit heilskapleg og koordinert tilbod.

Samhandlingsarena

Rektor og styrarmøte

Rektorane har faste samarbeidsmøter 1 gang pr månad

Styrarane i barnehagane har faste samarbeidsmøter 1 gang pr månad

Tverrfaglege samhandlingsgrupper (TSG)

TSG skal sikre at fleire fagområde og profesjonsgrupper samarbeider for å sikre at barn og unge får eit heilskapleg og godt tilbod så tidleg som råd er, og dette tilbodet består av fleire faggrupper og er både i barnehage og skule.

  • TSG har mål om å arbeide meir førebyggjande og systemretta enn individretta, med fokus på eit heilskapleg og inkluderande tilbod for alle.
  • TSG vil arbeide aktivt for eit trygt og godt læringsmiljø for alle born/elevar.
  • TSG kan bistå i høve planlegging, iverksetting og evaluering av både system- og individretta tiltak.
  • TSG vil bidra til at ein tidleg skal kunne fange opp og avdekke behov for tilrettelegging og tiltak for å ivareta fagleg, sosial og kulturell inkludering, både hos einskildborn/elevar og grupper.
  • Born/elevar som har eksisterande ansvar/samarbeidsgruppe skal ikkje drøftast eller følgjast opp av TSG.

Les meir om TSG her.

Ressursteam for barnehage og skule

Ressursteam er eit ledd i kommunen si satsing på tidleg innsats for å oppdage og førebygge vanskar hos barn og unge.

Tiltaket er eit lågterskeltilbod til alle barnehagar og skular i Volda kommune, med mål om å snu ei uheldig utvikling så tidlig som mogeleg.

Tenesta er gratis.

Ressursteamet er ei tverrfagleg gruppe sett saman av helsesjukepleiar, barnevernspedagog, PP-rådgjevar og psykolog. Fagpersonane representerer helsestasjonen i Volda, Interkommunalt barnevern, Interkommunalt PPT og BUP Volda.

Både foreldre, barnehagar og skuler kan melde saker inn på telefon 70 05 88 20.

Ressursteamet har møte siste torsdag kvar månad, kl 1200-1600. Møterom på helsestasjonen.

Kva kan du forvente av oss?

Saman med ressursteamet har ein mogelegheit for:

  • Tverrfagleg drøfting om barnet si utvikling og trivsel.
  • Bidra til auka forståing av barnet sine vanskar
  • Få rettleiing om kva tiltak som kan vere aktuelt å prøve ut.
  • Vurdere om tilvising til aktuelle hjelpeinstansar er aktuelt.
  • Avklare vidare oppfølging og gjennomføring av tiltak

Kva skjer i ressursteamet?

  • Det er satt av 45 min. til kvar sak.
  • Det blir ikkje ført journal.
  • Barnehagen/skulen skal i samråd med foreldre presentere problemstillinga. Det er viktig at det kjem tydeleg fram kva bekymringa går ut på.
  • Barnehagen/skulen sit med ansvaret for å føre vidare råd og forslag til tiltak
Ansvarsgruppemøte/Koordinerte møter

Dersom det behov for eit tverrfagleg med møte med føresette og fleire faggrupper. Er det i tillegg behov for meir koordinert samhandling, kan eit barn/ungdom få oppnemt ein koordinator.

Rutiner for godt samarbeid:

Teieplikt

Teieplikt

I vår lovgiving har vi tre sett av reglar om teieplikt. Det er:

  • Den alminnelege teieplikta etter Forvaltningslova
  • Særlege teiepliktreglar etter den spesielle teneste lovgivinga. 
  • Spesielle teiepliktsregler etter helsepersonell lovgivinga. 

I tillegg har vi avtalebasert teieplikt gjennom til dømes arbeidsavtalen vår. 

Den lovregulerte teieplikta vil ha noko ulikt innhald. Det betyr at dei som arbeidar med barn og unge kan ha ulik teieplikt. Det påverkar igjen i kva grad dei kan samhandle, og inneber at samarbeidet må skje innanfor dei rammene som dei ulike føresegnene om teieplikt fastset. 

I kvar enkelt si teieplikt er det fastsatt kva typar opplysingar som i utganspunktet er underlagt teieplikta. Helsepersonell, barnevern og sosialtenesta har ei strengare teieplikt enn barnehagar og skular normalt har.

Lovverket gjev også unntak frå teieplikta, og det er i hovudsak 3 typar unntak:

  • Samtykke -  opplysningar kan bringast vidare med samtykke frå den det gjeld - sjå punkt om samtykke under.
  • Anonymiserte opplysningar - opplysningar kan bringast vidare dersom dei er anonymisert - sjå punkt om anonyme drøftingar under.
  • Opplysningsrett,  opplysningsplikt og meldeplikt - opplysingar kan også bringast vidare til nærare fastsette tenestestyrar ut frå bestemte kriterier. Her under kjem opplysningsretten, opplysningsplikta og meldeplikta. Sjå punkt om dette under.
Samtykke

Alle som arbeidar i offentlege verksemder er underlagt generell teieplikt (fvl §13), i tillegg har kvar enkelt teneste teieplikt gjennom sitt eige lovverk. Sjå punkt over om teieplikt for meir informasjon.

Felles for alle yrkesgrupper og tenester er at teieplikta vert oppheva ved samtykke frå den det gjeld (fvl §13 og hpl § 22 og sotjl §44). Eit samtykke gjer det mogleg å dele informasjon så langt som samtykket gjeld. Merk at dersom ein går lenger enn det ein har samtykke til har ein brote teieplikta si. 

I prinsippet vil eit samtykke vere det beste rettslege grunnlaget for å dele opplysingar med andre. Då har personane som opplysingane gjeld sjølv gått aktivt god for, og ofte sett seg tent med at dei kan bringast vidare. Relasjonsmessig er dette lagt eit godt fundament for vidare samhandling. 

Det er nærare reglar for korleis eit samtykke skal være gitt for at det skal reknast for å være gyldig.

Informert samtykke

For det første må eit samtykke vere frivillig utan nokon form for press. Vidare må eit samtykke vere informert, det vil seie at den som gjev eit samtykke kjenner alle konsekvensane og har forstått kva han/ho samtykka til.

Den som samtykka skal få opplysingar om:

  • Kva samtykke heilt konkret inneber
  • Kva konkrete opplysingar det gjeld
  • Kven som skal få opplysingane
  • Kva opplysingane heilt konkret skal nyttast til
  • Korleis opplysningane vert behandla, derunder lagra og sletta.
  • At eit samtykke kan trekkjast attende når som helt og eventuelle konsevensar det vil kunne få

For å sikre dokumentasjon på at ein har fått samtykke bør, eit samtykke vere skrifteleg.

Barn/ungdom og samtykke

Når det gjelder barn under 18 år er det i utgangspunktet dei som har foreldreansvar som skal samtykke. Lovverket har ein del unntak frå denne hovudregelen:   

  • Når barnet kan danne seg eit synspunkt på kva saka dreiar seg om, skal barnet bli høyrt om kva det meina. Dette gjeld allereie frå barnet er 7 år (barnelova §31)
  • Etter 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meina (barnelova §31). 
  • Generelt gjeld det at barna med alderen skal gis stadig større sjølvråderett. 

I tilknyting til helsetenesta og helsehjelp gjeld særlege reglar (hlspl §22, jf. pasient- og brukarrettigheitslova § 4-4.) om kor vidt det er barna og/eller foreldra med foreldreansvar som skal samtykke til at opplysingar vert gitt til andre: 

  • For barn under 12 år er det foreldra som åleine avgjer om opplysingane skal kunne gis til andre.
  • For barn mellom 12 og 16 år skal foreldra avgjer om teieplikta fell vekk, men barna har alltid rett til å uttale seg om det først. 
  • Barn som er over 16 år kan som hovudregel sjølv samtykke til at teieplikta fell vekk. Dette gjeld ikkje ved særs alvorlege avgjerder.

I saker for sosialtenesta og barneverntenesta gjeld andre regler som  spesifiserer når eit barn/ungdom kan være part i ei sak.

Les meir om teieplikt og samtykke hos Bufdir og meir om samtykke hos datatilsynet

Volda kommune sitt samtykkeskjema finn du her: Samtykke til samhandling

Anonyme drøftingar

I enkelte saker kan det være behov for å drøfte ei uro eller ei sak anonymt for råd og rettleiing. Lovverket opnar for at opplysingar kan gjevast i anonymisert form, jf. hpl §23 nr. 3 og fvl §13a nr. 2.

I slike tilfelle er det viktig å være medveten om teieplikta. Ei sak som skal drøftast anonymt, skal faktisk være anonym! 

Anonymitet inneber at det på ingen måte skal være mogleg å kjenne igjen kven opplysingane gjeld. Individualiserande kjenneteikn må takast vekk eller endrast. Tenesteyter har sjølv ansvaret for å ikkje kome i den situasjonen at teiepliktige forhold vert kjent for andre. 

Når du skal drøfte ei sak anonymt, er det viktig å:

  • Tenke igjennom på førehand kva opplysingar den andre parten treng å vite, ikkje fortell meir enn det. 
  • Være heilt sikker på at det ikkje går an å kjenne igjen personen eller saka. Dersom du trur den kan bli identifisert skal den ikkje drøftast. Eit alternativ kan være å ringe ein faginstans i ei anna kommune i landet og be om å få drøfte saka anonymt med dei.

Hovudregelen er at eit informert samtykke alltid vil vere det beste grunnlaget for å dele opplysningar.

Opplysningsplikt og meldeplikt

Dei ulike tenesteytarane vil ha opplysings- og meldeplikt i medhald av lovverket. Kva situasjonar som vil utløyse desse pliktene er nærare spesifisert i dei ulike lovene.

Opplysingsplikt
Opplysningsplikta er ei lovheimla plikt til å svare på førespurnadar eller pålegg, for eksempel frå barneverntenesta, om å gi frå seg opplysingar som er underlagt teieplikt. Den som har informasjonen har då ikkje noko val, men må følge opp førespurnaden. Ein har då ikkje berre ein rett til å bringe opplysingane vidare, men også ein plikt til å gjere det.

Meldeplikt
Meldeplikt inneber at ein på eige initiativ har ei lovheimla plikt til å varsle og dele  opplysingar ein har. Ein skal då ikkje vente på nokon førespurnad. Plikta vert løyst ut av det å ha sjølve opplysingane. Til dømes vil helsepersonell i medhald av hlspl § 33 ha plikt til å varsle barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla, eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt.

For meir informasjon om opplysingsplikt og meldeplikt; ovanfor kven dei gjeld og etter kva kriterier, sjå kapittel 5, punkt 5-9 i KS sin rettleiar om teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid for barn - ungdom - familier(PDF, 3 MB) (PDF, 3 MB)