Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad på individnivå inneber at tilbodet til barnet og familien blir tilpassa ut ifrå deira behov. Barnet og familien deltek aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak.

BTI-rettleiaren er vidare basert på at foreldre i utgangspunktet alltid skal vere ein del av løysinga. Det blir derfor lagt stor vekt på at dei kommunale tenestene skal samhandle med foreldra gjennom hjelpeprosessen, og at foreldra skal involverast på eit tidleg tidspunkt etter at bekymring for barnet/ungdommen har oppstått. Foreldreinvolvering innebærer også at foreldre på eige initiativ kan involvere kommunale tenester dersom dei er bekymra for eigne eller andre sine barn.
I tillegg står det sentralt å involvere barnet sjølv. Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggast, jf. barnekonvensjonens artikkel 12. 

Når nokon treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokre få, men viktige element å hugse på for at ein saman skal kunne komme fram til den beste hjelp og støtte for barnet og foreldra.

– å bli teken på alvor
– å bli behandla med respekt
– å føle tillit og tryggleik
– å få hjelp når behovet er der

I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at mennesker som søkjer hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdigheit.

Rutine for brukarmedverknad og innhenting av samtykke systematiserer korleis alle ansatte sikrar dette i møte med barn, unge og deira foreldre.
Volda kommune har BTI-Handlingsrettleiaren med verktøy som tilsette i kommunen skal nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet med handlingsrettleiaren er å kunne gje rett hjelp til rett tid og sikre foreldreinvolvering og barnet si stemme.

Slik jobbar vi i Volda kommune

Brukarrettighetslova. Lov om pasient– og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) inneheld rettsreglar om dei rettigheiter pasientar og brukarar har overfor helse- og omsorgstjenesta. Kapittel 6 i denne lova omhandlar Barns særlige rettigheter.

Innhenting av samtykke systematiserer korleis alle ansatte sikrar medverknad i møte med barn, unge og deira føresatte. Samtykke til samhandling

Den digitale handlingsrettleiaren med verktøy skal tilsette i kommunen nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet er å kunne gje rett hjelp til rett tid, sikre tidleg foreldreinvolvering og at barnet si stemme alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.

Møtereferat skal utarbeidast i alle møter.

Andre arenaer for medverknad:

– Utviklingssamtale
– Elevsamtale
– Helsesamtale
– Foreldresamtale i barnehagen
– Klassens time
– Individuell plan
– Ansvarsgruppemøte
– Samarbeidsmøte

Tilbakemeldingsknapp i handlingsrettleiaren:

Finn du feil eller manglar i rettleiaren, eller har du bare generelle tilbakemeldingar til oss, tek du kontakt via e-post her: marthe.longva.strandbakken@volda.kommune.no