Her finn du lenker til ulike planar som er aktuelle og utdrag frå planane som seier noko om dette.
(Henta i frå kommuneplanen sin sammfunnsdel for Volda 2022 - 2034)
Volda kommune skal vere ein god stad å bu, arbeide og besøkje med eit levande lokalsamfunn utvikla i samarbeid mellom innbyggjarar, frivillige, næringsliv, kommunen og andre. Vi er ei kommune i vekst, det skjer mykje og vi ser fram til vidare utvikling. For å styrke og vidareutvikle den regionale posisjonen vår, treng vi eit lokalsamfunn som er attraktivt for busetnad, næringsutvikling, handel og tenesteyting, For å få ei god utvikling, treng vi framtidsretta og gjennomtenkte strategiar å styre etter, som også gjer kommunen til ein føreseieleg og tydeleg aktør som både innbyggjarar og tilsette opplever tillit til.
Denne planen inneheld fire satsingsområde:
- Vekstkraft og attraktive lokalsamfunn
- Livskvalitet og meistring
- Grøn omstilling
- Organisasjonsutvikling
Volda sine verdiar
Formålet med oppvekstplanen er at sektoren sine verdiar, mål og tiltak vert synlege for alle tilsette og dei som mottek tenester av sektoren.
Planen er å sjå på som eit verdidokument og ein overordna plan. Planen skal gi retning for korleis vi prioriterer i den daglege drifta og danne grunnlag for prioriteringar i til dømes budsjett –og økonomiplanarbeid. Alle våre tilsette og tenestemottakarar skal gjennom planen sjå kva vi forventar av kvarandre.
Volda kommune har som deltakar i eit interkommunalt prosjekt vore med å utarbeide og vedta "Handlingsplan mot vald i nære relasjonar - Sunnmøre 2021-2025". Planen vart vedteken i juni 2021, og inneheld:
- Kunnskapsdel - informasjon om vald i nære relasjonar, ansvar, plikt, rettar
- Handlingsdel - våg å sjå, våg å spørje, kunnskap til å handle
- Oversikt over hjelpeapparatet - kommunale tenester, samarbeidsaktørar, nasjonale tenester og nettressursar
- Tiltak i perioden
Pkt. 2.5.1 - Samordning av tenester
Kommunane har ansvar for å samordne tenestene sine og sørgje for at utsette for vald i nære relasjonar får heilskapleg oppfølging. Dette krev tverretatleg samarbeid, på systemnivå og i enkeltsaker. Samarbeidet må omfatte både kommunen sine eigne tenester, krisesenter, andre tilbod for valdsutsette/ valdsutøvarar og statlege tenester som politi, familievern og spesialhelsetenester.
Lenkar til andre planar og styringsdokument som er relevante:
Plan for samanheng mellom barnehage, skule og SFO
Planar og styringsdokument i skule