Medverknad

Medverknad

I Volda kommune ynskjer vi å ha fokus på medverknad, og at brukaren si stemme skal kome med både på individnivå, etatsnivå og kommunalt nivå. Den kompetansen kvar enkelt brukar har er verdifull og viktig å lytte til.

Brukarmedverknad på individnivå

Brukarmedverknad på individnivå inneberer at den enkelte brukar har innflytelse og påverknad på eige hjelpe- eller behandlingstilbod. Brukarmedverknad på individnivå skjer i dei samanhengar der enkelte bruker er i dialog med fagpersonar om forhold knytt til eigne behov. For at brukarmedverknad skal være reell må brukaren være informert om sine rettigheiter.

Brukarmedverknad på individnivå har mange formål

  • Brukarmedverknad kan bidra til auka treffsikkerheit i forhold til utforminga og gjennomføringa av både generelle og individuelle tilbod. 
  • Brukarmedverknad har ein eigenverdi i at menneske som søker hjelp, på lik linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, mottek hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggande verdigheit. 
  • Dersom ein brukar kan påverke omgivnadane gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påverke sjølvbilete på ein positiv måte og dermed styrke brukarens motivasjon. 

Barns rett til å seie si meining

Alle barn har rett til å bli høyrt i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18år har rett til å sei kva dei meina om alt som skjer, eller skal skje, med dei. Barns rett til å seie si meining gjeld i heimen, på skulen, i kommunen, i fritida - kort sagt alt dei driv med.

Retten til å bli høyrt betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta når noko skal bestemmast. 

Brukarmerknad på etatsnivå

Brukarmedverknad på etatsnivå inneber at brukarar er med å påverke, utforme og kvalitetssikre heile tenesta på eit overordna nivå. Dette vert gjort blant anna gjennom ulike brukarundersøkingar og ved å nytte brukarrepresentant i prosjekt og utvikling av tilbod.  

Brukarmedverknad på kommunalt nivå

Både barn/unge og foreldre har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere den det gjeld. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velje å forhalde seg til eller ikkje. Brukarmedverknad er nedfelt i fleire lover, blant anna brukar- og pasientrettigheitslova, helse- og omsorgstenestelova og lov om arbeids- og velferdsforvaltninga. Brukarmedverknad har som mål å betre kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell innflytelse på val og utforming av tenestetilbod.