Overordna samhandling

Overordna samhandling

For å betre ruste kommunen til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng er det avgjerande med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, samt legge føringar for det førebyggande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge har også her moglegheit til å løfte problemstillingar og moglegheiter på eit høgare nivå. 

Kommunedirektørens leiargruppe

Består av kommunedirektør, kommunalsjef omsorg, kommunalsjef oppvekst og kommunalsjef teknisk. Treffast ein gong i veka. 

Politiråd

Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Ulstein. Ulstein og Hareid kommune har eit felles politirådssamarbeid som har møter fire gongar i året. I desse møta deltek lensmann og politikontakt, ordførar, varaordførar, kommunedirektør og SLT-koordinator i begge kommunar.