Barn som er utsette for gjentatte krenkelsar kan ofte være i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for ei barnehjerne å setje saman inntrykk og forstå at faren er over.
Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite tilstade.
Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også være at teikna har ei heilt anna årsak.
Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer og/eller samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv.
Psykiske teikn:
- Barnet skvetter lett, er engsteleg
- Konsentrasjonsproblem og uro
- Irritabilitet og sinneutbrot
- Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
- Rusmiddelproblematikk
- Sjølvskading
- Hukommelsestap
- Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)
Fysiske teikn:
- Blåmerker
- Auge- og ansiktsskader
- Brannskader
- Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
- Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg
Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege.
Vil du lese meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn kan du lese om det her.