Byggesaksarkiv

Byggesaksarkiv

Saksbehandling skjer i Acos Eiendom som er ein eigen modul i Acos WebSak

Ei saksmappe pr tiltak

Tittel - tiltak - adresse - gnr xx bnr yy. Tittel linje 2 - tiltakshavar sitt namn
Arkivdel - GBNR - Gards- og bruksnummerarkiv
Sakstype - BS, DS
Klassering - gnr/bnr 
Tilgangskode - ingen

Innhald i arkivdel
  • Søknad og vedtak om diverse byggeprosjekt
Tilgong til arkivdel

Det er stort sett offentelege dokument i denne arkivdelen.

Sakshandsamarar på Utviklingssektoren skal ha tilgang til dette arkivet. Utover dette vert det gitt ved behov, til dømes til landbruk, kommunalteknisk avdeling osv

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Stort sett offentleg, enkeltdokument må unntakast offentleg innsyn
Lovhjemmel: UO - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Tilgjengeleg for dei som treng det. Det som er unnateke off. innsyn er berre tilgjengeleg for aktuell sakshandsamar.
Integritet: Byggesaka, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt-skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.