Barnevern

Barnevern

Volda kommune er vertskommune for søre Sunnmøre barnevernssamarbeid, som består av kommunane Hareid, Ulstein, Ørsta, Vanylven, Sande og Volda.

Barnevernstenesta nyttar fagsystemet Visma Familia.  Fagsystemet er fullelektronisk, og inneheld klientarkiv,  sakshandsaming og vedtak i barnevernssaker. Arkivet er sortert på namn og fødselsnummer.

Systemansvarleg, nestleiar i barnevernstenesta og arkivpersonell i barnevernstenesta har full tilgang til fagsystemet.  Dei har også tilgang til arkivkjerne i Visma samhandling arkiv. Sakshandsamarar har tilgang til sine saksmapper og mapper dei har fått tilgang til gjennom tenesteleg behov.

Personopplysningar i arkivdelen og behandlinga av dei
Personopplysningar i arkivdel og behandlinga av dei
Klassifikasjon Sensitiv
Lovheimel Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjenge Dei som har behov for informasjon om barnet for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til klientmappa.
Integritet Den elektroniske klientmappa skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet i mappa. Det skal ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført. Integriteten er ivaretatt ved å avgrense tilgangen gjennom tilgangsstyring i fagsysystemet.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teielpliktskjema når dei blir tilsett.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll seier noko om kva behandling av personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.