Arkivorganisering

Arkivorganisering

Kommunen er organisert med eit sentralarkiv/dokumentsenter som har hovudansvaret for å føre journalpliktig dokumentasjon i sakshandsamarsystemet. Nokre av dei ulike fagområda fører journalpliktig dokumentasjon i eigne fagsystem. Det vil då vere eigne fagansvarlege knytt til kvart område.
Arkivverdig dokumentasjon frå fagsystem blir overført til kommunen sitt sakshandsamarsystem via integrasjonar eller ved manuell overføring.

Arkivleiar har det overordna ansvaret for alle arkiva i kommunen. Arkiva gjeld både aktivt elektronisk sakshandsamarsystem, aktive arkivkjerner i ulike fagsystem, historisk papirarkiv og elektroniske arkivuttrekk.

Ansvaret for arkiv til føretak ligg hos leiar for det enkelte føretak.

Kommunen har sentralt postmottak for heile organisasjonen. 

Kommunen har felles elektronisk sakshandsamarsystem med alle kommunar på Søre Sunnmøre. SSIKT (Søre Sunnmøre IKT) har overordna systemansvar innan fagområdet, men kvar kommune har eige systemansvar for sine databasar.

All journalføring og administrativ saksbehandling skal skje i sakshandsamarsystemet. Unntak er pasientjournalar (EPJ) som blir skjerma i ulike fagsystem innan helseområdet.
Sjå meir under «Kommunen sine system» .