Heiltidserklæring

Heiltidserklæring

Kommunestyret vedtok i møte den 16.12.2021, PS 138/21, å sette i gang eit prosjekt om heiltidskultur. Som eit ledd i dette arbeidet har Volda kommune vedtatt ei heiltidserklæring.

I heiltidserklæringa anerkjenner dei lokale partane, Volda kommune og arbeidstakarorganisasjonaneat vi har utfordringar vi berre kan løyse i lag, og at vi i fellessskap forpliktar oss til å arbeide for redusert bruk av deltid og bygging av heiltidskultur i Volda kommune.

I denne første erklæringa har vi sett som mål å auke heiltidsandelen med 5 % årleg, til heiltid er dominerande i alle sektorar. Erklæringa vil bli evaluert årleg, og målsettinga justert etter behov.

Her kan du lese Heiltidserklæring for Volda kommune 2023-2026

 

Prosess - heiltidserklæring:

  • 22.06.23: Vedtatt i kommunestyret i PS 40/23
  • 23.05.23: Vedtatt i formannskapet i PS 69/23
  • 15.05.23: Vedtatt i partssamansett utval (PSU) i PS 04/23 (styringsgruppe)
  • 24.02.23: Høyringsutkast sendt til alle tilsette. Det kom ingen innspel
  • 09.02.23: Orientering til tilsette og leiarar under kick-off for heiltidskultur
  • 06.12.22: Orientering til styringsgruppa (PSU)
  • 03.11.22: Orientering til leiarar i kommunen
  • 09.09.22: Prosjektgruppa starta arbeidet med heiltidserklæringa

 

Nasjonal heltidserklæring kan lesast her: Det store heltidsvalget 2021.