Om skulen bygg adresse mm

Om skulen bygg adresse mm

Skulen ligg nær Grodås, sentrum i Hornindal, og tett ved Idrettsparken og Hornindal kyrkje.
- ungdomsskulen i 2. etg Honndalshallen
- mellomtrinn og praktisk estetiske fag i nytt skulebygg
- småtrinn i den eldre delen av skulen

Her er og klatrepark og ballbinge.

Skuledagen er frå kl. 08:50 til kl. 14:30.
1.-3. klasse har fri kvar onsdag, 4.-7. klasse har kort dag onsdag til 12:40 og 7. klasse har vanleg skuledag onsdag i oddetalsveker til 14:30.

Hornindal skule er ein 1-10-skule med 152 elevar fordelte på 10 trinn. Skulen har SFO-tilbod. Skulen ligg nær Grodås, sentrum i Hornindal, og tett ved Hornindalsvatnet, som er Europa sin djupaste innsjø. Her vil du finne rike moglegheiter for aktiv fritid med naturen som grunnlag og eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge.

Skulen har eit godt og føreseieleg læringsmiljø der trivsel, tryggleik og engasjement står i fokus. Her vil du finne eit stabilt og kompetent kollegium som er fleksible og  opptatt av at elevane skal rustast til å møte utfordringane i framtida. Saman jobbar vi målretta for å oppfylle Volda kommune sin visjon: "Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer".

Vi legg vekt på å sikre elevane trygge rammer ved å halde fokus på læringsmiljøet, noko som syner att i læringsresultata.