SFO - Hornindal skule

SFO - Hornindal skule

Skulefritidsordninga ved Hornindal skule er eit tilbod for elevar frå 1.-4. klasse, og for barn med særskilte behov på 1.-7. klasse.
- SFO Hornindal held til i G-fløyen (bygget nærast brua - raud dør) inkl. kjøkken.
- SFO Austefjord held til i lokala til Austefjord barnehage.

Telefonnummer tilsette SFO:
- Randi: 41684040
- Anne Lovise: 97107662  
- Astrid: 99425932
- Marianne: 90947509

Skulefritidsordning

- ved levering og henting skal ein ha kontakt med personalet 
- elevane får enkle måltid
- endring/fråvær skal meldast snarast mogleg


Morgon-SFO opnar kl. 7:30-8:50, etter skuletid kl 14:30-16:30.
Onsdag er SFO ope 07:30-16:30.

- 1. og 2. klasse har gratis SFO i 12 timer kvar veke/gratis kjernetid. Det betyr at dei som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for eit heiltidstilbod vil bli rimeligare for alle. Kostpengar ikkje inkl.
- for elevar i 5.-7. klasse med særskilte behov, er SFO gratis. Denne må det benyttast eigen søknad til, ta kontakt med skulen
- det vert gitt same syskenmoderasjon som i barnehage, dvs. 30 % for barn nr 2 og 50 % for barn nr 3. Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom SFO og barnehage
- ein tildelt plass på SFO er aktiv til den blir sagt opp av forsette, de som har plass for dette skuleåret har automatisk plass til eleven er ferdig med 4. klasse

 

§ 1. FORMÅL Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7.

Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.

Søknadsskjema SFO

 

Her finn du meir informasjon om SFO i Volda kommune og korleis du søker

Vedtekter for SFO i Volda kommune


Skulefritidsordninga føl ordinær skulerute, men vi kan og tilby sommar-SFO. Tilbodet gjeld ei veker etter skuleslutt på våren, og to veker før skulestart på hausten. 
- På dette tilbodet må ein melde seg på heile veker, og det må vere minst 10 påmelde elevar.
- Opningstida for sommar-SFO er 08:00-16:00.
- Pris pr veke vert sett til ¼ av prisen for 5-dagar tilbod pr mnd
- Elevar ved Hornindal skule kan og melde seg på ferietilbodet ved Øyra og Bratteberg skular.