Mork barnehage ligg midt mellom Ørsta og Volda, på Mork rett ved Furene. Barnehagen ligg rett ved Mork barneskule, fantastisk til midt mellom fjøre og fjell. Her er eit allsidig og godt turterreng med mange stiar og turområde. Vi går ofte på tur til Morkaåsen, Rydåsen, skogen ved Mork senteret, fjøra og Trollskogen.
Rett ovanfor barnehagen har vi "Pål-marka" og her er det kjekt å gå på ski og renne på akebrett.I fjøra har vi vår eiga "sommarhytte" som ligg i fjøresteinane og på Morkaåsen går vi forbi "Flygarsteinen"- den store steinen vi kan hoppe frå og flyge i lufta.
På Morkaåsen har vi laga vår eigen lavvu og her har vi lagt ned tau for litt klatring og slenge. Vi går tur også til Høgetua og Helgehornet.