Kameraovervaking

Kameraovervaking

Volda kommune nyttar kameraovervaking på nokre kommunale bygg. Formålet med kameraovervakinga er å hindre hærverk. Kommunen vil også kunne nytte filmopptaket, dersom det går alarmar på bygget for å hindre unødig vaktoppdrag. 

Bygga som har kameraovervaking er Øyra skule, Volda ungdomsskule og Bratteberg barnehage. Kameraovervaking vert aktivert berre utanfor ordinær opningstid. Området som vert filma er fasaden på bygga, inkludert inngangar. 

Kommunen har også kameraovervaking i parkeringskjellaren på Volda Campus Sparebank 1 Arena, dette kameraet er i bruk heile døgnet. 

Datatilsynet om dine rettigheiter knytt til kameraovervaking.

Du kan lese meir om kva reglar som gjeld for kameraovervaking på Datatilsynet sine sider.