Dei siste åra har det vore ei rivande utvikling i Volda og mange nye bygg har kome opp. Vi har fått eit av landet sine beste idrettsarenaer, nye skulebygg, nytt reinesanlegg og nytt vassverk. Nye brannstasjonar er på plass og sikrar tryggleiken. Studentane våre kan bu rimelegast i landet i nyte nye flotte studentbustadar.
Vi har flott gjestebrygge, ny bubilplass og gode rekreasjonsområder midt i sentrum. Nokon av dei største kjedene i landet har valt å etablert seg i bygda vår.
Volda byr på både gode arbeidsplassar, studieplassar og ikkje minst eit stort mangfald av fritidsaktivitetar. Her er noko for einkvar, uansett kva interesser du har.
I Volda har vi regionsenterfunksjonar for Søre Sunnmøre. Her finn du Volda og Ørsta lufthav, Volda sjukehus, Søre Sunnmøre tingrett og Høgskulen i Volda.
Volda som ligg ved dei majestetiske Sunnmørsalpane byr på fjellturar, både på dei ekstreme tindane og dei lettare familieturane. Her finn du gode fiskevatn og elvar, idylliske fjordar og koselege tettstadar. Frå Volda når du museum, kulturelle tilbod og musikk-opplevingar, ulike sportsaktivitetar, vassport, klatring og buldring, paintball, trial, fiske, bading, båttur, fugling, tinde-rangling og maritim kystnatur.
I Volda finn du Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa. Ei historie fortel at det bur ein diger sjøorm i vatnet.
Bjørkedalen er spesielt kjent for båtbyggartradisjon og vikingskip. Boktrykkarkunsten kom tidleg til Volda, og vi har den eldste avisa på landsbygda i Norge. Volda har lange skuletradisjonar, høgskule og sjukehus.