Søknader sendt via Fellestjenester BYGG sparar kommunen for tid og ressursar fordi dei blir kontrollert før sending. Strukturerte data om byggesøknaden blir importert direkte til kommunen sitt saksbehandlingssystem.
Kommunen kan stenge for e-postsending både for privatpersonar og føretak, der det finst digitale alternativ. Både personar og føretak kan likevel velge å sende søknaden i posten. Vi gjer også merksam på at kommunen har nokre plikter om nokon sender ein søknad på e-post sjølv om kommunen har stengt for det. Kommunen må gi beskjed om at søknaden ikkje vil bli handsama, og rettleie i korleis søknaden skal sendast, jf. eForvaltningsforskriften § 7. Journalføringsplikta gjeld også uavhengig av korleis søknaden er sendt.