Terrenginngrep
Vi bur i ei kommune med mykje aktsemdsområde for ustabil og mogeleg rasutsett grunn som gjer at utfylling eller graving i terrenget kan får store konsekvensar. Det er ditt ansvar å bygge i tråd med gjeldande lover og reglar, og du må setje deg inn i kva som gjeld for din eigedom.
Vesentleg terrenginngrep må som hovudregel søkast om.
Mindre terrenginngrep kan i følgjande tilfelle også vere søknadspliktig:
- I bevaringsområde eller innanfor eit kulturmiljø
- Innanfor 100-metersbeltet i strandsona eller ved vassdrag
- Innanfor aktsemdsområde for marin leire eller kartlagt kvikkleireområde
- I naturmiljø (sjå naturmangfaldsplan)
Terrenginngrep unntatt søknadsplikt
Du må først sjekke at tiltaket ikkje er i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk.
Mindre fylling eller planering av terreng vil ikkje vere sett på som som vesentleg og krev ikkje søknad.
Kva som vert sett på som «mindre» vil avhenge av tiltaket sin karakter og innverknad på omgjevnadane. Hugs at fleire mindre arbeider over tid samla sett kan føre til vesentlege endringar av terrenget og dermed utløyse søknadsplikt.
Du treng ikkje søkje dersom tiltaket gjeld fylling/planering der høgdeskilnaden i høve opphaveleg terreng ikkje fører til
- Meir enn 3 m avvik i spreidd-bebygd strok
- Meir enn 1,5 m avvik i tett-bebygd strok
- Meir enn 0,5 m avvik på eigedom for rekke- og kjedehus og liknande i tett bebyggelse
Du må sjå til at avstanden mellom fyllingsfoten (altså der inngrepet startar) og nabogrensa er minst 1,0 m på egen grunn, og fyllingstoppane må ikkje vere høgare enn krava som er satt for støttemurar. Dersom fyllingsfoten kjem nærare enn 1 meter blir tiltaket søknadspliktig og du må innhente eit skriftleg samtykke frå naboen før søknaden vert sendt til kommunen.
Nabosamtykke
Dersom tiltaket er nærare enn regelverket opnar for er du avhengig av eit nabosamtykke – forslag til tekst på nabosamtykke finn du her: avstanderklaering.pdf (volda.kommune.no)

Bilete viser ein 1 meter høg fylling der fyllingstoppen må vere plassert 2 meter frå nabogrense.

Bilete viser ein 1,5 meter høg fylling der fyllingstoppen må vere plassert 4 meter frå nabogrense.
Dersom tiltaket kan medføre konflikt med miljø- eller kulturminneverdier tilrår vi at du søker på tiltaket, sjølv om terrengendringa er under dei definerte grensene i Byggesaksforskriften (SAK10). Det betyr at det ikkie berre er fyllingshøgda som er avgjerande for om søknadsplikta inntrer, men omfang og moglege konsekvensar.