Lovgivar har reta opp nokre tilfeller der eit tiltak er søknadspliktig med tiltakshavar kan søkje om det sjølv. Det er då føresett at ein har kompetanse til å søkje på eiga hand. Dersom det er behov for bistand rår vi til å ta kontakt med firma som har fagkompetanse.
- Rettleiarane frå Dibk i punktet oppom vil også rettleie på om det du ønskjer å gjere er eit tiltak du kan søkje om sjølv eller om det er behov for ansvarsrett.
Regelverket opnar opp for å søkje om sjølvbyggaransvar for arbeid på eigen bustad eller fritidsbustad. Det må då sannsynleggjerast at arbeidet godkjenninga gjeld vert utført i samsvar med regelverket. I tillegg til søknadsskjema for sjølvbyggaransvar ber vi om at det vert sendt inn eit følgjeskriv som skildrar eigen, medhjelpar eller innleigd føretak sin kompetanse.
Vi gjer merksam på at sjølvbyggaransvar kan berre gjevast for funksjonane søkjar, prosjekterande og utførande for fagområde i tiltaksklasse 1. Vidare kan det ikkje gjevast sjølvbyggaransvar for sekundærbustad i eigen bustad, eller bustad med fleire sjølvstendige bueiningar.