Kommunestyret vedtok Kommunedelplan for tidlegare Volda kommune i møte 12. august 2021, sak 81/21 (planID 2016005). Dei delane av planen som var omfatta av motsegn vart sendt til Kommunal og distriktsdepartementet for endeleg avgjersle. Volda kommune har i brev frå departementet, datert 16. april 2022, motteke avgjerd i motsegnssaka. Plandokumenta er endra i samsvar med vedtaket og har etter dette rettsverknad.