I Bratteberg Austre del er det ledig 5 tomter med storleik på mellom 627 m² til 1178 m².
Bratteberg-området har siste åra hatt mykje nyetablering, og er eit populært område å bo i.
Bratteberg er sørvendt og har sol heile året, og med utsyn mot Rotevatnet, Rotsethornet, sentrum og fjorden.
I gangavstand frå området finn ein Bratteberg skule 1.-7. Friluftsbarnehagen Hjellbakkane barnehage og Bratteberg barnehage ligg også i området. Stoppestadar for ringruta, med gode bussforbindelse til sentrum er også i området. Flotte friluftsmoglegheiter og kort avstand til skisenteret på Reset, er ein lett kan nytte skia heilt til stovedøra.
Tomteprisen ligg på om lag kr. 400.100.- inkl. oppmåling og tinglysing av matrikkelbrev for ei tomt på 866 m² (pris pr. 01.02.22). Prisane vert indeks-regulert etter gjeldane konsumprisindeks.
I tillegg kjem eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.
Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com
Korleis søkjer eg om tomt?
For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.
Korleis kan eg bygge på tomta?
Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.
Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.
Nyttige dokument