Bustadtomter på Gotene/Lid

Bustadtomter på Gotene/Lid

I Gotene er det ledig 2 tomter med storleik 1118 m² og 1072 m². 

Gotene ligg sørvendt og ikkje langt frå sjøen,  og med fine moglegheiter for friluftsliv.

Tomteprisen ligg om lag kr. 182.120,-  for ei tomt på 1078 m² (pris pr. 01.02.22).  Prisen vert indeks-regulert etter gjeldande konsumprisideks.

I tillegg kjem oppmålingskostnader og tinglysing av matrikkelbrev og eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35