Bustadtomter på Steinhaugen

Bustadtomter på Steinhaugen

Steinhaugen bustadfelt ligg på Folkestad. Bustadfeltet ligg nordvendt, ca. 1 km frå ferjekai.  På Folkestad er det skule, barnehage, butikk og omsorgsbustadar m.m. Feltet ligg fint til midt mellom fjell og fjord, og med unike moglegheiter for friluftsliv og med gangavstand til det populære turmålet Galten.

I bustadfeltet er det 14 ledige tomter.  Størrelsen varierer mellom 727 m² og 1015 m².
Tomtepris på ei tomt på 858 m² er om lag kr. 167.610,-. Pris pr. 01.02.22. Prisen vert indeks-regulert etter gjeldane konsumprisindeks.  I tillegg kjem oppmålingskostnader og tinglysing av matrikkelbrev og eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.

Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com

Korleis søkjer eg om tomt?

For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.

Korleis kan eg bygge på tomta?

Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.

Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.

Nyttige dokument

Kontakt

Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35