Bustadfeltet på Straumshamn ligg nord/nordvest vendt og med utsikt over Kilsfjorden.
I bustadfeltet er det ledig 7 tomter. Størrelsen varierer mellom 1180 m² og 1460 m².
Tomtepris på ei tomt på ca. 1442 m² er om lag kr. 211.610,-. Pris pr. 01.02.22. Prisen vert indeks-regulert etter gjeldane konsumprisindeks. I tillegg kjem oppmålingskostnader og tinglysing av matrikkelbrev og eingongsgebyr for tilkopling av vatn og kloakk.
Du finn kart over alle kommunale tomter som er ledige på nettportalen: Kommunekart.com.
Korleis søkjer eg om tomt?
For å søkje om kommunal tomt må du sende inn følgjande søknadsskjema om tomt.
Korleis kan eg bygge på tomta?
Byggeløyve vert gitt av avdeling for utvikling, innanfor sektor for samfunnsutvikling.
Her finn du meir informasjon om byggeløyve i Volda kommune.
Nyttige dokument