Dagtilbod for eldre

Dagtilbod for eldre

Dagsenteret er eit Ellinor Knardal  aktivitetstilbod for heimebuande personar som har eitt omsorgsbehov

Dagsenteret for eldre har to avdelingar lokalisert i første etasje ved Volda omsorgssenter. Den eine avdelinga har tilbod retta mot personar med demens. Dagsenteret har også eigne dagaktivitetsplassar for yngre personar med demens.

Det er også dagtilbod ved Folkestadtun to dagar i veka, og i underetasjon på Hornindal omsorgssenter ein dag i veka.

Mål for tenesta:

  • Bidra til at eldre som bur heime får ein meiningsfull kvardag, og kan bu heime lengst mogleg.
  • Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller flytting til høgare omsorgsnivå.
  • Gje tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfylt aktivitetstilbod.
  • Fremje god helse gjennom aktivitet.

Tenestetilbod:
Dagsenteret er ope på dagtid på kvardagar. Betalingssatsane er vedtekne av kommunestyret.

Tilbodet inkluderer transport til og frå dagtilbodet, måltid og deltaking i gruppeaktivitetar (dagsturar kan ha ein eigenandel). 

Aktivitetar:
Dagsenteret arrangerer ulike temaveker, som til dømes matveker, vinterveke, erindringsveke, og andre aktivitetar som fylgjer årstider og høgtider. 

Alle deltakarane får tilbod om tilpassa fysisk aktivitet kvar dag. Døme på slike aktivitetar er trim, turar, sittedans, sykling med treningssykkel med motivasjonsteknologi, styrke- og balansetrening og senioryoga. Rundt omsorgssenteret er det gode turstiar. Uteområdet omfattar også utandørs trimpark, drivhus, kjøkkenhage, hønsehus og dagsenteret sin eigen gapahuk.

Døme på andre aktivitetar er: seniorveiledning, kor, dramagruppe, minibuss-turar, matlaging, konsertar, erindringsgruppe og diverse handverk.

 

Kontaktinformasjon:
Seksjonsleiar: Ellinor Knardal 
E-post: ellinor.knardal@volda.kommune.no 
Telefon: 70 05 40 21

Kontakt

Ellinor Knardal
seksjonsleiar Dagsenter for eldre
E-post
Telefon 70 05 40 21
Mobil 90 80 59 27