Kva er følgekort?
Følgekort/ledsagerbevis er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne, som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement.
Meir informasjon om følgekort og ledsagerbevis på helsenorge.no
Kven kan søke om følgekort?
Følgekort skal gje menneske med nedsett funksjonsevne høve til å ha med følge for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sitt følgje skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel.
Kva kostar tenesta?
Tilbodet er gratis.
Følgepersonen får komme gratis inn på arrangementet. Innehavaren av kortet betalar aktiviteten sjølv. I Møre og Romsdal reiser følgepersonar gratis med offentleg kommunikasjon.
Korleis kan ein søke om følgekort?
Klikk her for å komme til søknadsskjema.
For å få følgjekort må ein sende ein grunngjeven søknad saman med eit bilete, til Volda kommune ved servicekontoret, Stormyra 2, 6100 Volda.
Det er ingen søknadsfrist og søknadane vert handsama fortløpande.
Dersom du vil ha søknadsskjema på papir, eller treng hjelp til sjølve søknaden, er du velkomen til å ta kontakt med servicekontoret på rådhuset. Opningstida er kl. 9.00-15.00, tlf. 95901061
Bufdir sine veiledande nasjonale retningsliner for funksjonshemma