Styrk arbeidStyrk Arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det leggast til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking og evt. praksisplass. Tilbodet er ein del av Volda kommune si rus- og psykisk helseteneste, og held til i prestegarden i Volda sentrum (Prestegata 2). Huset delast med Gnisten, som er eit lågterskeltilbod innan psykisk helse. Styrk har ein del faste arbeidsoppdrag innad i kommuna, i tillegg til enkle oppdrag som måling og snekring, enkelt vedlikehald, flytteoppdrag og lettare skogsarbeid. Arbeidsdagen er kl 10-15 måndag til fredag. Deltakaren i Styrk er med på dei arbeidsoppdraga som ein til ei kvar tid har. Det er fokus på både å lære nye ting, og gjere ting som ein veit at ein mestrar. Det er viktig å jobbe godt ilag, men også viktig å trivast godt ilag sosialt. Kvar veke gjer deltakarar og tilsette ein kjekk aktivitet ilag, som klatring, bålkos, fisketur, spel eller anna. Thomas Bergset Mandal Kontakt på mobil: Malene Rovde, 90 40 64 68 Jon Inge Bjørdal, 91 57 15 36 Erlend Indrearne, 95 75 81 81 Sindre Ervik, 90 70 17 73 Styrk kan følgast på facebook. Sist endra 28.07.2023 13:34