Folkehelse i Volda kommune
Folkehelselova tredde i kraft 1. januar 2012 og har som formål å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse.
Folkehelselova pålegg alle kommunar å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar helsa.
Gjennom denne oversikta jobbar kommunen systematisk med folkehelsearbeid. Utfordringar som folkehelseoversikta viser vert drøfta og lagt til grunn for kommunalt planarbeid og i utforming av konkrete tiltak (plan- og bygningsloven § 10-1). Folkehelse og berekraftsmåla til FN skal vere førande for alt planarbeid og prioriteringar i Volda kommune.
Kap. 3 i folkehelselova omhandlar miljøretta helsevern. Miljøretta helsevern er ei faktorane i milijeøt som til ei kvar tid kan ha direkte eller indirekte innverknad på helsa. Les meir om miljøretta helsevern her. Ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern er delegert til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar og har det samfunnsmedisinske ansvaret i kommuna.
Grunnlagsdokument
Volda kommune har eit skriftelege oversiktsdokumentet som vert oppdatert kvart fjerde år som kunnskapsgrunnlag for planstrategien til kommunen.
Folkehelseoversikta i Volda kommune 2024 - 2027 – Helsetilstand og påverknadsfaktorar
Kvart år utarbeider Folkehelseinstituttet folkehelse- og oppvekstprofilar for alle kommunane i landet. Her kan du finne folkehelse- og oppvekstprofilen for Volda kommune
Folkehelse er eitt av dei gjennomgåande perspektiva i samfunnsdelen av kommuneplanen som er til høyring, kapittel 5.2 Livskvalitet og meistring. Det er høyringsfrist 02.09.22.[MHK1]
Samarbeid om folkehelse i Volda kommune
Vi har eit forpliktande strategisk samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune gjennom "God helse" (mrfylke.no). God Helse- samarbeidsavtalen omfattar avtalepartane sitt ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggande arbeidet. Avtalen utløyser eit årleg tilskot til kommunen og kommunen må arbeide målretta med prioriterte arbeidsområde i avtaleperioden.
Volda kommune er medlem i WHO sitt norske nettverk, Sunne kommuner. Sunne kommunar jobbar for å skape lokalsamfunn som er gode å leve i, for alle. Sunne kommuner er eit kompetansenettverk og tilbyr møteplassar, inspirasjon og kompetanseheving for politikarar. Ordførar er den politiske kontaktpersonen i nettverket, og folkehelsekoordinator den administrative.
Volda kommune er også medlem i Sunnmøre friluftsråd. Sunnmøre friluftsråd, også kalla friluftsrådet, er eit kommunalt oppgåvefellesskap jamfør kap 19 i Kommunelova. Friluftsrådet skal fremje eit allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen. StikkUt!, Slå på Ringen, Skjærgårdstenesta og Friluftsskulen er tiltak i regi av friluftsrådet.
Eldre folkehelseoversikt:
Folkehelseoversikta i Volda kommune 2020 - Grunnlagsdokument til kommunal planstrategi 2020-2024 og påverknadsfaktorar