Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering

                       

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i brukaren sin eigen heim, der målsettinga er auka livskvalitet og eigenmeistring.

Kvardagsrehabilitering er ei intensiv og tidsavgrensa teneste som er gratis. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim. Eit tverrfagleg team som består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar føretek ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag. 

Teamet samarbeidar med heimetrenarar i heimebasert omsorg, og vil i lag med deg samarbeide mot dine mål. Kvardagsrehabilitering startar difor med spørsmålet: "Kva er viktig i livet ditt no?". For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen.

Kvardagsrehabiliteringsteamet i Volda kommune består av ergoterapeut Inger Anne Brevik, sjukepleiar Monica Hovden og fysioterapeut Randi Alfsvåg. Helsefagarbeidar Helene Aam og hjelpepleiar Silje Folkestad arbeider som heimetrenarar knytt til kvardagsrehabiliteringa.

Målgruppe:

  • Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv
  • Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste
  • Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade

Kva kan du forvente av oss?

Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det som du synest er viktig å meistre i kvardagen. For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt periode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. 

Kva kan vi forvente av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett, slik at du i størst mogleg grad kan vere aktiv i eige liv - i eigen heim. 

Kontaktinformasjon:

Kvardagsrehabiliteringsteamet tlf 41 50 24 96 (kun mandag og onsdag)

Forvaltningskontoret tlf 90 41 18 86

Korleis søke om tenesta?

https://www.volda.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/soknad-om-helse-og-omsorgstenester/ 

Artikkelliste