Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som skal bidra til tryggleik og meistring i kvardagen. Dei fleste av oss nytter ulik teknologi som støtte i dagleglivet, til dømes smarttelefonar, appar og robotklipparar. På same måte tek ein i bruk teknologi i den offentlege helsetenesta i stadig større grad, og denne teknologien har fått namnet velferdsteknologi. 

Volda kommune tilbyr velferdsteknologi til støtte og tryggleik for brukarar slik at dei skal meistre kvardagen sin best mogleg. Kommunen nytter også velferdsteknologi som arbeidsreiskap for dei tilsette slik at vi kan gje gode og tilpassa tenester.


Les meir om kvar teknologi lenger ned i saka. Der finn du informasjon om korleis du søker.  

Karianne er klar til å ta imot besøkande på visningsromet ved Volda omsorgssenter


Ved spørsmål eller behov for råd om velferdsteknologi, ta kontakt med

Forvaltningskontoret: 90 41 18 86

eller 

Koordinator for velferdsteknologi: 

Karianne Sveen Orvik på telefon 92299232 eller e-post karianne.orvik@volda.kommune.no

Vi har eit visningsrom på Volda omsorgssenter der ein kome og sjå det vi har av velferdsteknologi.

Tryggleiksalarm
Kvit alarmboks med raud alarmknapp, krykknapp med halssnor eller armband. - Klikk for stort bileteTryggleiksalarm (eldre modell) og trykknappar

Tryggleiksalarm er eit hjelpemiddel for den som treng moglegheit til å tilkalle hjelp med ein alarmknapp. Når ein trykker på alarmknappen vert det oppretta det forbindelse med heimetenesta. Heimetenesta tek anten kontakt direkte med brukaren eller med pårørande, og sett i verk naudsynte tiltak. Brukarar som bur meir enn 15 minutt køyretid frå Volda sentrum eller Grodås, må ha pårørande eller nabo som kan samarbeide med heimetenesta ved utløyst alarm.


Digital tryggleiksalarm har eige SIM-kort slik at brukar ikkje treng å ha eigen telefon eller internett. Den er primært til bruk innandørs, men kan ha rekkevidde til hage/inngangsparti.  

Kvit alarmboks med alarmknapp med tekst HELP - Klikk for stort bileteTryggleiksalarm Sensio

Betalingssats for tryggleiksalarm er 400 kr per månad. I tillegg kjem eingongskostnad på kjøp og montering av nøkkelboks på kr 350, dersom personen ikkje har nøkkelboks frå før. 

Digitale tryggleiksalarmar til bruk i eigen heim blir tildelt etter søknad. Søknadsskjema finn du her.  

Når behovet opphøyrer skal pårørande snarast levere alarmen og knappen tilbake til kommunen. Alarmen leverast i stor svart postkasse som står i hallen innanfor hovudinngangen på Volda omsorgssenter. Dette gjeld uansett bustad i kommunen. Eventuell betaling opphøyrer når alarmen er levert inn. 


 

GPS
GPS til å henge rundt halsen  - Klikk for stort bileteGPS Safemate

GPS er eit hjelpemiddel for å lokalisere ein person utandørs. Volda kommune tilbyr utlån av GPS til personar med demens eller som av andre årsaker ikkje er trygge på å bevege seg aleine utandørs. Våre GPSar har også ein alarmknapp som kan nyttast til å tilkalle hjelp. For å få låne GPS frå kommunen bør ein ha pårørande som kan ta imot varsel og oppringing frå GPSen. Mange treng også hjelp av pårørande til å passe på lading. Vi har både GPS-klokker og og GPS til å ha i halssnor eller lomma. 

GPS-klokke  - Klikk for stort bileteGPS-klokke Safemate


Volda nytter leverandøren Safemate. Ein kan også kjøpe GPS som privatperson. 

Dersom ein ynsker å søke på GPS frå kommunen finn ein søknadsskjema her.

Digitale tilsyn

Digitale tilsyn er verktøy som nyttast på alle kommunen sine institusjonar, og delvis i heimetenestene. Digitale tilsyn gir oversikt over bebuarane sin status på natt, slik at nattevaktene har oversikt over kven som søv og kven som treng hjelp. 

Det finst fleire typar av slik teknologi. Volda nytter per i dag sensoren Somnofy  Den nytter radar-teknologi til å måle søvn og bevegelse, og har fleire bruksområder. 

 

Medisineringsstøtte

Heimetenesta nytter i noko grad elektroniske medisindispenserar til brukarar som ønsker dette, og der dette er ei hensiktsmessig løysing for tenesta. 

Volda kommune nytter medisindispenserane Karie og Mobili frå Dignio.

Ein kan lese meir om desse på https://dignio.com/no.

Ved behov for hjelp til medisineringsstøtte frå heimetenesta finn ein søknadsskjema her.

Digital kommunikasjon

Heimetenesta i Volda kommune vil prøve ut teknologi som kan nyttast til å kommunisere med brukarar som ønsker kontakt via videosamtale.

 
Eit godt tips til familiar med eldre familiemedlem er å sjå på produktet KOMP. Dette er ein skjerm tilpassa dei med minst teknologisk kompetanse. Den kan ein nytte til bildedeling, videosamtale, kalender, beskjedar og vêrmelding. Kommunen har ein slik KOMP på visningsrommet ved Volda omsorgssenter. Der kan ein kome og sjå korleis den fungerer. KOMP kjøpast privat på noisolation.no

 

For nærare info eller avtale om visning ta kontakt med Karianne Sveen Orvik på tlf 90822627.

Komfyrvakt

Komfyrvakt kan søkast om frå Nav hjelpemiddelsentral dersom ein har hukommelsesvanskar. 

Ein kan ta kontakt med ergoterapeut dersom ein ønsker å søke Nav hjelpemiddelsentral om dette.  

Elektronisk klokke og kalender

Den finst forskjellige løysingar for den som har vanskar med tidsorientering og organisering av kvardagen. Mange med kognitiv svik eller demenssjukdom kan ha nytte av ein enkel skjerm som viser klokke, vekedag, dato og tid på døgnet. Andre kan ha behov for meir avanserte skjermar eller appar for planlegging og struktur i kvardagen. 

Ta kontakt med ergoterapeut eller med hukommelsesteamet. Eit utval av hjelpemidla kan søkast gjennom Nav hjelpemiddelsentral. 

Døme på leverandørar av slike hjelpemiddel er Abilia og Vestfold Audio.

Digital heimeoppfølging

Volda kommune ved Søre Sunnmøre legevakt er vertskommune for ei ny teneste som heiter digital heimeoppfølging. 

Sjå meir om denne tenesta her. 


 

Artikkelliste

Kontakt

Karianne Sveen Orvik
koordinator velferdsteknologi
E-post
Mobil 92 29 92 32