Når kreft rammar, er det ikkje berre pasienten som vert råka, og spørsmåla kan vere mange, både for den som er sjuk og dei nære rundt.
Det kan dukke opp mange samansette problem eller behov.
Kreftkoordinator kan vere ein kontaktperson som er tilgjengeleg for kreftpasientar og pårørande, i alle fasar av sjukdommen.
Kreftkoordinator kan vere med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen.
Kreftkoordinatortenesta er eit lågterskeltilbod. Pasientar og pårørande kan ta direkte kontakt sjølve. Det kan også henvisast frå behandlar i Helseforetak, fastlege eller anna helsepersonell. Ein treng ikkje ha andre kommunale tenester.
Ein kreftkoordinator veit ikkje alt, men veit kvar dei skal henvende seg for å få svar.
Kreftkoordinator kan bl.a. bidra med:
- Gje råd, rettleiing og informasjon
- Støttesamtalar, hjelp til meistring
- Førebyggande tiltak og opplysing om kreft
- Vere eit bindeledd til andre tenester i kommunen, til spesialisthelsetenesta og andre relevante instansar (NAV, Helfo ol.)
- Ivareta born og unge som pårørande
- Arbeide for gode rutiner og system i kommunens kreftomsorg
- Undervising, opplæring og råd til aktuelle samarbeidspartnarar
Kreftkoordinator i Volda kommune: Anne-Kristin Rostad
Kontorstad: Volda Omsorgssenter, Barstadmarka 2, 6102 VOLDA
Kreftkoordinatoren er å treffe alle kvardagar frå 09.00-15.00.
E-post: anne-kristin.rostad@volda.kommune.no
Telefon: 95 79 23 72