Digital heimeoppfølging

Digital heimeoppfølging

Kva er digital heimeoppfølging? 

Digital heimeoppfølging er ei helseteneste der brukaren får hjelp av teknologi til å følgje opp helsa si. 

Målet med tenesta er at brukaren skal få kunnskap og verktøy til å meistre kvardagen med kronisk sjukdom. Gjennom målingar vil ein kunne oppdage teikn på at sjukdommen blir verre, og brukaren kan sette i gang tiltak som er avtalt med fastlege.

Kommunane på Søre Sunnmøre tilbyr digital heimeoppfølging som ei interkommunal teneste. Tenesta held til i lokala til Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. 

Slik fungerer det 

Ved oppstart av tenesta vil helsepersonell frå oppfølgingstenesta ved Søre Sunnmøre legevakt kome på eit kartleggingsbesøk. Du vil få nødvendig måleutstyr og god opplæring i å bruke det. 

Så vil oppfølgingstenesta  lage ein eigenbehandlingsplan for deg. Planen blir laga i samarbeid med deg og legen din. Planen gir rettleiing om kva du skal gjere når målingane dine viser teikn på forverring av sjukdommen.

Du får tilgang til ein app på telefon eller nettbrett.  Med appen sender du inn målingar og kommuniserer med oppfølgingstenesta. Målingar kan til dømes vere av blodtrykk, puls eller blodsukker. I appen svarar du også på nokre enkle spørsmål om symptom og dagsform. Dersom målingane er utanfor det som er normalt for deg, skal du følge tiltaka i eigenbehandlingsplanen, og ved behov vil oppfølgingstenesta kontakte deg. 

 

Erfaringar frå våre brukarar

Brukarar som har fått digital heimeoppfølging seier at dei kjenner seg tryggare på å tolke eigne symptom. Dei kjenner kroppen sin betre og synst det er lettare å tilpasse aktiviteten etter dagsforma. Dei opplever at dette gir støre fridom til å vere aktiv på dei gode dagane. Brukarane seier også at det er godt å ha ein plan som er avtalt med fastlegen for kva ein skal gjere på mindre gode dagar. 

 

Er dette noko for deg?

Du kan søke om digital heimeoppfølging viss du:

  • har ein kronisk sjukdom, til dømes kols, diabetes eller hjartesvikt
  • er busett i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda eller Ørsta
  • er motivert for å bruke teknologi for å handtere helsa betre

Korleis søker du om tenesta?

Du kan velje mellom to måtar å søke på:

  • Snakk med fastlegen din eller legen som følgjer deg opp på sjukehuset. Høyr om denne tenesta kan vere noko for deg. Legen kan sende ei tilvising til kommunen. 
  • Eller du kan søke sjølv ved å fylle ut søknadsskjema om helse- og omsorgstenester på nettstaden til kommunen din.

Kontakt oss

Telefonnummer: 90 83 07 20

Tenesta er tilgjengeleg mellom 8.00-15.30 på kvardagar.

Ved akutt sjukdom må ein ta kontakt med 113 eller legevakta på telefon 116117