Sesongvaksinering i veke 43 – Uppheim 22., 23. og 25. oktober – Hornindal 24., 30. og 31. oktober

Alfabetisk oppmøte. Les meir her.

Pårørande til personar med funksjonshemming

Pårørande til personar med funksjonshemming

Å være pårørande til ein person med nedsett funksjonsevne kan innebere både psykiske og fysiske påkjenningar. Under finn du lenkar til rettigheiter og støtteordningar til foreldre, søsken og barn som pårørande.

Kommunen skal tilby pårørande som har særlig tyngande omsorgsarbeid:

  • Opplæring og rettleiing
  • Avlastningstiltak  
  • Omsorgsstønad

Mange pårørande har god kunnskap og erfaring med kva som fungera og ikkje. Likevel kan ein vere usikker og ønske snakke med fagpersoner om omsorgsoppgåvene. Opplæring og rettleiing kan for eksempel innebere å lære korleis ein kan hjelpe til med tøying og trening heime, regulering av diabetes eller kva kommunikasjons- og handlingsverktøy som kan være nyttig ved uønska åtferd.

Kommunen skal fatte vedtak når du som pårørande har behov for opplæring og rettleiing som strekk seg over 14 dagar.

Nyttige lenkjer til kurs og informasjon:

Pasient- og pårørandeopplæring - Helse Møre og Romsdal

Naku.no         

Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse Kurs for foreldre som nylig har fått barn med nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom

Frambu kompetanse senter

Pårørendeveilederen tek føre seg lovkrav og anbefalingar knytt til både tenester i spesialisthelsetenesta og kommuna

Helsenorge.no gjev informasjon om pårørande rettigheter, både i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgsstenesta

Pårørendesenteret har nettside for pårørande til ulike pasientgrupper, inkludert foreldre til barn med nedsett funksjonsevne

Pårørendealliansen 

Home-Start Familiekontakten Nettverk som tilbyr frivillig og gratis hjelp til småbarnsfamiliar.

nav.no 

statsforvalteren.no/ Møre og Romsdal