Rus- og psykisk helseteneste

Rus- og psykisk helseteneste

Psykiske helseproblem og rusmiddelproblem skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Ein del klarer å handtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesta.

Kva er rus og psykisk helseteneste?

Tenesta er eit lågterskeltilbod og ein integrert del av dei øvrige helse- og omsorgstenestene.

Kven kan få tilbod om denne tenesta?

Tenesta har personale med fagleg kompetanse innan psykisk helse- og rusarbeid. Tenestene er gratis og det er låg terskel på å få oppretta tenester.

Det er ikkje naudsynt med tilvisning frå lege eller andre offentlege instansar. Det betyr at du sjølv, pårørande eller andre i hjelpeapparatet kan ta direkte kontakt med oss.

Rus og psykisk helseteneste samarbeider med lege, NAV, barnevern, helsestasjon, skule, heimeteneste og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og rus.

Kva tilbyr vi?

Brukarar av teneste for rus- og psykisk helse kan få følgjande tilbod:

Psykososial oppfølging, førebygging/ettervern, trening/oppfølging i forhold til dagliglivets aktivitetar, individuell oppfølging og tilrettelegging, arbeidsførebuande og meningsfylte aktivitetar, rehabilitering, oppfølging og bistand i bolig, administrering av medisin, koordinerende tjenester og utarbeiding av individuell plan.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis får du tenesta/korleis søker du?

Du må sende inn søknadsskjema om å motta omsorgs- og helseteneste.

Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande behandla i inntaksmøte kvar tysdag. Pr. no har vi desverre inntil 3 månaders sakshandsamingstid grunna stor pågang.

Kontaktinformasjon

Seksjonsleiar i Utetenesta: 

Gunnhild Ringset Kolås - gunnhild.ringset.kolas@volda.kommune.no