Formålet med tenesta er å kunne huse bebuarar med nedsett funksjonsnivå, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.
Bebuarane inngår husleigekontrakt og betaler husleige. Det er tilbod om tre fellesmåltid kvar dag, og ulike fellesaktivitetar. Den enkelte må søkje om heimesjukepleie og andre tenester det er behov for, og tenestene vert utført av personalet på Barstadtun.
Personalet ønsker å sette den enkelte sine behov i sentrum, og samtidig ha fokus på bebuarane sine eigne ressursar og mestringsevne.
Telefonnummer til Barstadtun:
Solkroken: 902 97 377
Fjordstova: 902 86 218
Fjordglytt: 902 86 476
Nattevakt: 904 03 650
Seksjonsleiar Kirsti Beate Liabø har telefonnummer: 94 14 25 15.
Epostadresse: kirsti.liabo@volda.kommune.no