Frivillig i eldreomsorgaManuela viser fram aktivitetsmateriell for frivillige. Bente Engeseth Gi av di tid – auka trivsel og betre livskvalitet til dei eldre i i Volda kommune. Kva får du som frivillig? Du får kurs, opplæring, ivaretaking, motivasjon og rettleiing. Gjennom samtale og intervju saman med frivilligkoordinatorane vil ein finne ei god kopling etter fellesinteresse som fører til dobbel glede, ein vinn-vinn situasjon. Kva kan du gjere? Bli kjent med pasient/brukar Lese aviser eller bøker Kafébesøk, konsert eller kino Gå tur både inne og ute Song, musikk eller liknande. Du kan bli: Aktivitetsvenn for ein person med demens Turvenn Sykkelvenn Besøksbaby Og mykje meir Du kan lese meir om det å vere aktivitetsvenn på aktivitetskalenderen Friskus Du kan også bli med i ei trivselsgruppe. Du finn meir informasjon på aktivitetskalenderen Friskus. Kven kan bli frivillig? ALLE Ein treng ikkje vere tilknytt ein organisasjon for å kome på besøk. Ein kan kome som ein er, aleine eller saman med andre. Fellles for aktivitet er lågterskel og fokus på positive opplevingar. Aktivitetskalender, https://volda.friskus.com/ Trivselsgruppe for eldre i Volda på Facebook Publisert 26.09.2023 16:11 Sist endra 27.09.2023 15:09