Spelemidlar

Spelemidlar

Spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 

Kulturdepartementet deler kvart år ut spelemidlar til utbygging av anlegg for idrett og friluftsliv frå overskotet frå dei ulike spela som er administrert og drive av Norsk Tipping.  

Du kan søkje om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet som er opne for allmenn idrett, og som ikkje er underlagt kommersielle interesser. 

Du kan også søkje om tilskot til kjøp og/eller innreiing av eksisterande anlegg. 

 

Formål 

Ordninga skal bidra til at ein større del av innbyggjarane får moglegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemidelordninga. 

 

Kriteriar for å søkje 

Meir informasjon om vilkår, krav og søknadsprosessen finn du i anleggsregisteret 

 

Forskrift 

Som søkjar må du setje deg inn i bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet for tildelingar 

 

Kven kan søkje ? 

Kommunar, idrettslag, og enkelte friluftslivsorganisasjonar. Andre samanslutningar kan søke under visse vilkår. Vilkåra går fram av føresegnene for spelemidelordninga. I tillegg kan velforeiningar, burettslag og bygdelag søke om tilskot til nærmiljøanlegg. 

 

Kva kan du søkje om ? 

Du kan søke om tilskot til å bygge og eller rehabilitere idrettsanlegg. Anlegget kan ikkje vere drive kommersielt. 

Ordinære anlegg, anten det er bygging eller rehabilitering, må ha ein minimumskostnad på 150 000 kroner for at du skal kunne få støtte.  

Nærmiljøanlegg må ha minimumskostnad på 50 000 kroner. 

 

Kva er ordinære anlegg ? 

Ordinære anlegg er anlegg som i hovudsak er knytt til konkurranse- og treningsverksemd for organisert idrettsaktivitet. Dei tekniske krava til mål og utforming av anlegg tek utgangspunkt i konkurransereglane til dei enkelte forbunda. Det inneber at for å få tilskot må anlegga som hovudregel kunne nyttast til å avvikle konkurransar innanfor dei aktivitetane anlegget er meint for. 

Det er fleire anleggstypar innan ordinære anlegg som ikkje tek utgangspunkt i konkurransar og organisert aktivitet, mellom anna friluftlivsanlegg og skateanlegg. 

Eksempel på ordinære anlegg er idrettshallar, fotballbanar og skianlegg.  
 

Kva er nærmiljøanlegg ? 

Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, der målsetjinga er opne og tilgjengelege aktivitetsanlegg for alle, tiltenkt eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegga er ofte samlokalisert med skular, og skal ligge i område der folk bur og/eller oppheld seg. Ordninga rettar seg i all hovudsak mot anlegg for barn og ungdom i alderen 6-19 år. 

Eksempel på nærmiljøanlegg er ballbinge og strandvolleyballbane. 

 

Slik søkjer du 

Ta kontakt med kontaktperson for spelemidlar i kommunen for å informere om planane før de søker om midlar. Sjekk også fristen for å sende inn søknaden til kommunen. Kommunen registrerer anlegget i anleggsregisteret. 

Last ned og fyll ut søknadsskjema på anleggsregisteret.no

Det vert stilt ei rekkje krav til dokumentasjon til søknaden, og det bør reknast god tid til å hente nødvendig dokumentasjon.  

Søknaden må innehalde: 

  • Teikningar med mål 
  • Kostnadsoverslag for prosjektet 
  • Dokumentasjon av verdi på eventuell dugnad 
  • Behovsvurdering 
  • Dokumentasjon på korleis prosjektet skal finansierast 
  • Eventuell dokumentasjon av større prosjektkostnadar 
  • Dokumentasjon på at du som søkar kan bruke grunnen der det skal byggast/rehabiliterast anlegg 

 

Handsaming i kommunen 

Etter du har søkt vert søknaden blir sendt til kommunen, som går gjennom den og gir innstilling. Anlegget det blir søkt om må vere registrert i ein kommunal plan (unntak for nærmiljøanlegg).   

Kommunen sender søknaden vidare til fylkeskommunen, innan 15. januar, på vegne av organisasjonen eller laget. 

 

Handsaming i fylket 

Fylkeskommunen handsamar søknadane frå kommunen og sender dei til Kultur- og likestillingsdepartementet, som deretter fordeler midlane til fylkeskommunen. 

Kva prosjektsøknadar som får tilskot, blir vedtatt i kultur- og folkehelseutvalet i juni kvart år. 

Fylkeskommunen sender deretter ut svarbrev til alle søkarar.   

 

Søknadsfrist 

Søknadsfrist til kommunen: 15.oktober. 

Frist for kommunen til å sende søknadane til fylkeskommunen: 15. januar.

 

Korleis blir midlane utbetalt? 

Når det er gjort eit vedtak, vil søkjar motta eit tildelingsbrev med informasjon om korleis midlane blir tildelt. 

Når arbeidet med anlegget er godt i gang, kan kommunen sende førespurnad om utbetaling til fylkeskommunen, på vegne av laget eller organisasjonen som er lova støtte. 

 

Nyttige lenker 

Idrettsanlegg.no 

Kunnskapsportalen for idretts- og nærmiljøanlegg 

Anleggspolitikk for Møre og Romsdal 2021-2024 

Regjeringa sin idrettspolitikk